Nedbør

vatn som fell frå himmelen

Nedbør er eit meteorologisk samnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør.

Regnbye i Danmark

Korleis nedbør blir danna endre

 
Kondensasjon og koalesens er ein viktig del av vasskrinslaupet

Kondensasjon endre

Nedbør blir danna i samband med at relativ varm og fuktig luft stig. Når lufta blir avkjølt byrjar vassdamp å kondensere på kondensasjonskjerner og dannar skyer. Når skydropane har blitt store nok kan to prosessar føre til nedbør, koalesens og bergeronprosessen.

Koalesens endre

Koalesens skjer når vassdropar kolliderer og smeltar saman til større dropar, eller når vassdropar frys på ein iskrystall. På grunn av luftmotstanden er vassdropane i ei sky meir eller mindre stasjonær. I samband med luftturbulens kolliderer vassdropane og dannar større dropar. Koalesensprosessen held fram til dropane er blitt så store at luftmotstanden ikkje kan halde på dei lenger og dei fell ut av skya som regn.

Bergeronprosessen endre

Bergeronprosessen er ein prosess der underkjølte vassdropar frys på iskrystallar. Når desse iskrystallane veks og blir tunge nok, vil dei byrje å falle og få auka masse ved koalesens med andre iskrystallar og vassdropar. Denne prosessen er avhengig av temperatur, sidan underkjølte dropar berre eksisterer i skyer som er under frysepunktet. På grunn av den store temperaturskilnaden mellom sky og jordoverflate, kan iskrystallane smelte og bli regn på vegen mot bakken.

Nedbør endre

Nedbør er eit produkt av vassdamp som har kondensert i atmosfæren og fall tilbake att på jordoverflata. Nedbør blir delt inn i tre kategoriar:

Flytande nedbør, Underkjølt nedbør og Frosen nedbør

Koden i parentes er METAR kode for nedbørtypen.

Nedbørsformar endre

Konvektiv nedbør endre

 
Konvektiv nedbør

Konvektiv nedbør oppstår frå konvektive skyer, t.d. cumulonimbus eller cumulus congestus, som byer. Sidan konvektive skyer ikkje har så stor horisontal utstrekking vil ikkje ei enkelt bye dekke eit stort område, men dei kan til gjengjeld ha svært kraftig intensitet. Konvektiv nedbør er mest viktig i tropane. Hagl er alltid eit teikn på konveksjon. På midlare breidder er konvektiv nedbør assosiert med kaldfrontar (ofte bak fronten), byelinjer og varmfrontar med store mengder fukt.

Stratiform nedbør endre

Stratiform eller storskala nedbør oppstår ved at lufta sakte (cm/s) stig i samband med synoptiske system som kaldfrontar eller føre varmfrontar.

Orografisk nedbør endre

 
Orografisk nedbør

Orografisk nedbør oppstår på losida av fjell i samband med at storskala luftstraumar mot ei fjellkjede hevar lufta oppover i høgda. Lufta blir adiabatisk avkjølt og kondenserer. I område av verden med forholdsvis vedvarande vindretning vil klimaet på vindsida av fjellet ofte vere vesentleg forskjellig frå klimaet på lesida av fjellet. På vindsida vil fjella føre til orografisk nedbør, medan lesida ofte blir liggande i ein regnskugge med fønvind i tillegg. Ein treng ikkje sjå lenger enn til Sør-Noreg for å finne eit godt døme på dette, der Vestlandet har vesentleg våtare klima enn Austlandet.

Måling av nedbør endre

 
Utsida av ein nedbørsmålar.

Nedbørmålingar blir gjort i spesiallaga nedbørsmålarar med vindskjerm som til dels tar høgde for at kraftig vind kan føre til at nedbøren treffer målaren i ein for liten horisontal vinkel, slik at lite nedbør kjem opp i nedbørmålaren.

Ein måler ofte nedbør i millimeter, som viser til kor høgt vatnet i flytande form ville stått over bakken om det ikkje sokk i jorda eller rann vekk. Ein millimeter nedbør er det same som ein liter/m2.

Nedbøren blir vanlegvis målt ein eller to gonger i døgeret, medan enkelte stasjoner måler fire gonger. Nedbøren blir målt til same tid over heile verda, kl. 06 UTC og kl. 18 UTC. Stasjonar som berre måler nedbør ein gong i døgeret måler den kl. 06 UTC. Tidsperioden frå kl. 06 UTC til kl. 06 UTC neste dag blir kalla eit nedbørsdøgn.

Nedbør i Noreg endre

I Noreg er det mest nedbør på Vestlandet. Det er to årsaker til det. Sør-Noreg ligg midt i vestavindsbeltet, og mange av lågtrykka som kjem inn mot Europa passerer i nærleiken av Sør-Noreg. Frontsystema desse bringar med seg kjem ofte inn mot Vestlandet. I tillegg vil Langfjella som deler Sør-Noreg på langs føre til orografisk nedbør i vest. Frå september til januar regnar det om lag to av tre dagar på Vestlandet og i løpet av eit år får enkelte stader over 3000 mm. Nordover i landet er det derimot mykje mindre nedbør. Hovudårsaka til dette er at kaldare luft ikkje kan halde på like mykje vassdamp og fukt som varmare luft. Sidan det er kaldare i nord kan derfor ikkje lufta her innehalde like mykje fukt som lenger sør.

Austlandet har òg mykje mindre nedbør enn i vest, mest fordi Langfjella fører til ein regnskuggeeffekt på austsida. Dei nordlege dalstrøka på Austlandet er blant dei tørraste områda i landet på grunn av fjell både i vest og i nord. Skjåk har til dømes ein årleg nedbørsnormal på berre 278 mm i året, som er lågare enn til dømes mange stader i Sahara.

Årlege nedbørnormalar endre

Ein meiner derimot at enkelte område av landet, der ein ikkje har faste nedbørsstasjonar, kan ha vesentleg høgare nedbørsnormal. Til dømes kan Ålfotbreen ha så mykje som rundt 5 600 mm i året[1], medan Gullfjellet like aust for Bergen ofte får dobbelt så mykje nedbør som Bergen/Florida i sentrum av Bergen[2]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. PDF-dokument, orografisk nedbør på Vestlandet, side 13
  2. Nedbørmålingar av Storm Weather Center i november 2006, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 18. februar 2007 

Bakgrunnsstoff endre