Évariste de Parny

fransk poet

Évariste Désiré de Forges de Parny (6. februar 17535. desember 1814) var ein fransk vicomte og skald.

Évariste de Parny

Pseudonym M. le Chevalier de P ..., Ev ...... P... y, Ev. P *****
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. februar 1753
Saint-Paul
Død

5. desember 1814 (61 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent
Språk fransk
Medlem av Académie française
Évariste de Parny på Commons

Parny var fødd i Saint-Paul på Réunion. Som niåring kom han til Frankrike og fekk utdanninga si der. Han blei offiser, og vitja heimøya i perioden 1773–1775. Her blei han forelska i ein ung kreolsk kvinne, som han gjorde kjend i songane sine under namnet Éléonore. I Paris levde Parny eit behagleg, epikureisk liv. I 1784 blei han send til India som adjutant for franske generalguvernøren, men tok avskil frå hæren i 1786. Etter å ha mista formuen sin i samband med revolusjonen hadde han ulike sivile embete. I 1803 blei han vald inn i Det franske akademiet. Med Poésies érotiques (1778–1781) tok Parny sann og usminka kjensler i den franske lyrikken. Vellyst, sjalusi og sakn blir måla med varme og elskverdigheit. Samtida gav ei mindre gunstig mottaking til La guerre de dieux anciens et til moderne {1799; fleire opplag). Sidan skreiv han Le déguisements de Venus (1805), Le paradis perdu (same år) med fleire lange dikt. Oeuvres complètes kom ut i 5 band i 1808 (fleire opplag), hans Oeuvres inédites i 1826 og Oeuvres choisies i 1827. Dikt av Parny er tolka på svensk av blant anna Anna Maria Lenngren.  

Kjelder endre