For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fransk (fleirtyding).

Fransk (le français [lɘˌfʁɑ̃ˈsɛ]) er eit indoeuropeisk språk på den romanske greina. Det vert mellom anna tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk
français
Klassifisering Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   galloromanske språk
Talarar Frankspråklege
Bruk
Tala i Frankrike, Belgia, Sveits, Canada og 48 andre land
Område Vest-Europa, Nord-Afrika, Asia, Polynesia, Sør-Amerika og Nord-Amerika
Fransktalande i alt 173 000 000
Rangering 13
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten og 30 andre land
Normert av Académie française
Språkkodar
ISO 639-1 fr
ISO 639-2 fre (B)/fra (T)
ISO 639-3 fra
Wikipedia på fransk

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (an, en /ɑ̃/ som i enfant [ɑ̃ˈfɑ̃] («barn»), on /ɔ̃/ som i maison [mɛˈzɔ̃] («hus»), in /ɛ̃/ som i cinq /sɛ̃k/ («fem») og un /œ̃/ som i brun [bʁœ̃] («brun»),[1] ein labialisert u /y/ som i rue [ʁy] («gate»), skarre-r /ʁ/ som i Paris [paˈʁi] og schwa /ə/ som i cheval [ʃəˈval] («hest»).[2]

Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).[2]

Utbreiing endre

 
Utbreiingskart for fransk. ██ Morsmål ██ Administrasjonsspråk ██ Utbreidd språk/viktig kulturspråk ██ Vesentleg minoritetsspråk.

Fransk er offisielt språk i desse landa og territoria:

Land Infødde talarar Folketal
  (omtrentleg tal) (juli 2003)
Frankrike 51 949 900  60 180 600
Kongo-Kinshasa 702 400  55 225 478
Libanon 1 500 000  3 826 018
Canada 7 535 600  32 207 000
Elfenbeinskysten 1 614 500  16 962 500
Kamerun 643 900  15 746 200
Burkina Faso 140 300  13 228 500
Mali 140 800  11 626 300
Senegal 88 100  10 580 400
Belgia 3 807 000  10 290 000
Rwanda 153 600  7 810 100
Haiti 141 200  7 527 800
Sveits 1 515 700  7 318 638
Burundi 63 900  6 096 156
Togo 141 500  5 429 300
Den sentralafrikanske republikken 36 700  3 683 600
Kongo-Brazzaville 267 300  2 954 300
Gabon 109 200  1 321 500
Komorane 15 300  632 948
Djibouti 11 400  457 130
Luxembourg 21 600  454 157
Guadeloupe 110 400  442 200
Martinique 144 600  390 200
Vanuatu 2 900  200 000
Benin 191 200  7 862 944
Guinea 178 700  9 690 222
Réunion 170 600  787 584
Fransk Polynesia 142 900  274 578
Ny-Kaledonia 127 800  219 246
Niger 85 400  12 525 094
Tsjad 85 400  9 944 201
Fransk Guyana 39 900  199 509
Mauretania 21 000  3 177 388
Monaco 15 400  32 543
Mayotte 14 900  201 234
Saint-Pierre og Miquelon 6 700  7 026
Saint Martin 3 500  35 000
Saint-Barthélemy 3 200  7 000
Wallis- og Futunaøyane 1 300  16 025
Ekvatorialguinea 200  540 109
Seychellane 1 500  80 469
Madagaskar -    16 979 900

I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:

land folketal
  (juli 2003)
Algerie 32 810 500
Marokko 31 689 600
Mauritius 1 210 500
Tunisia 9 924 800

Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.

Kjelder endre

  1. P. MARTIN ; A.M. BEAUDOUIN-BEGIN ; M.J. GOULET; et al. «Les voyelles nasales en français du Québec» (på fransk).  Fonema /œ̃/ og /ɛ̃/ har ein tendens til å verta uttalt likt i Frankrike med /œ̃/ som forsvinn og vert erstatta av /ɛ̃/, medan skiljet ser ut til å haldast oppe i andre frankofoniske land som til dømes Québec eller Belgia
  2. 2,0 2,1 fransk i Store norske leksikon. Henta 11. februar 2013.
  Denne språkartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.