Österdalälven

Österdalälven er ei elv i Dalarna i Sverige. Ho er rundt 300 km lang og har to tilløpselvar; Storån og Sörälven, som renn saman ved byen Idre og dannar Österdalälven. Derfrå renn elva mot søraust gjennom kommunane Älvdalen, Mora, Leksand og Gagnef, til ho ved Djurås renn saman med Västerdalälven og dannar Dalälven - den tredje største elva i Sverige. Österdalälven er utbygd til energiproduksjon, og det største kraftverket langs elva er Trängslet. Elva renn òg gjennom Siljan, den sjette største innsjøen i Sverige.

Österdalsälven
elv
DalälvenLeksand.JPG
Österdalsälven sett frå Leksand med Siljan
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Nedslagsfelt 12 430 km²
Lengd 300 km
Kjelde  
Munning
 - stad Djurås
 - koordinatar 60°33′N 15°07′E

Österdalälven
60°33′0″ N 15°7′0″ E
Wikimedia Commons: Österdalälven

GalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra