Ødem (frå gresk οίδημα, «heving») eller stuving er ei opphoping av væske utanfor blodkar i eit kroppsvev. Det kan oppstå kor som helst i kroppen, men er mest vanleg rundt onklane.

Ved ubalanse mellom filtrasjon og reabsorbsjon av væske mellom blodkar og vev, og ved redusert lymfedrenasje slik at væska ikkje kjem unna interstitiet, oppstår ødem.

Ødem er oftast ein følgjetilstand til andre sjudomar som hjartesvikt eller nyresvikt. Dette er tilstander som fører til forstyrringar i sirkulasjonen som gjev opphoping eller stuving i kartreet, og væske vert pressa ut frå blodkarene på grunn av det høge trykket som oppstår.

Enkelte medikament som glukokortikoidar, antidepressiva eller kalsiumantagonistar kan gje ødem.

Ødem vert behandla ved å lækje grunntilstanden eller fjerne andre årsaker til ødemen. Vassdrivande medikament spelar ein sentral rolle i den symptomatiske behandlinga, og kan vere livreddande ved akutte ødem i lungene.

Spesielle ødemtilstandar endre

Kjelder endre