Urindrivande lækjemiddel
(Omdirigert frå Diuretika)
Urindrivande lækjemiddel, eller diuretika, er lækjemiddel som aukar urinutskiljinga, altså fører til diurese. Dette gjer det indirekte ved å auke utskiljinga av natrium og klorid, noko som òg fører til auka utskiljing av vatn grunna osmose.
Det finst ulike klassar diuretika, som verkar på ulike måtar:
- Osmotiske diuretika (t.d. mannitol)
- Tiaziddiuretika (t.d. hydroklortiazid)
- Sløyfediuretika, òg kalla slyngediuretika og loop-diuretika (t.d. furosemid)
- Kaliumsparande diuretika (t.d. spironolakton)
I tillegg til desse lækjemidla, er drikkar som kaffi, te, alkohol og tranebærjus urindrivande.