Øivind Holmsen

norsk fotballspelar

Øivind Josef Holmsen (28. april 191223. august 1996) var ein norsk fotballspelar frå Oslo. Han var venstreback på Lyn og det berømte Bronselaget frå Sommar-OL 1936 i Berlin. Holmsen «var rask til bens og rask i tankegangen, sikker i plasseringen og i samarbeidet med sin partner; han taklet ypperlig og briljerte med rene utspill.»[1]

Øivind Holmsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. april 1912
Christiania
Død

23. august 1996 (84 år)
Oslo

Yrke fotballspelar

Holmsen var medlem av Fagerborg til 1932, då han melde overgang til Lyn. Han vart noregsmeister med Lyn i 1945 og 1946, i begge cupfinalane vann oslolaget over Fredrikstad FK.

Holmsen debuterte på landslaget mot Austerrike i 1934, i Noregs landskamp nr 100, og fekk straks hevd på backposisjonen til venstre. To år seinare deltok han i sommarleikane 1936 i Berlin, der Noreg vann bronse etter å ha slått ut Tyrkia og Tyskland, samt vunne bronsekampen 3-2 over Polen. Også i VM i fotball 1938 var han med då Noreg, etter ekstraomgangar, måtte gje tapt 1-2 mot Italia. Holmsen deltok i 36 landskampar i perioden 1934–45, frå sin backposisjon skåra han ingen mål.

Merittar endre

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Noregsmeister: 1945 og 1946 med Lyn

Notar endre

  1. Magnus Breili: Fotballboken. 1967