Opna hovudmenyen
Deltakarlanda i fotball-VM 1938

Verdsmeisterskapen i fotball 1938 vart avvikla i 10 byar i Frankrike i tida frå 4. til 19. juni 1938. Det regjerande meisterlaget, Italia, heldt fram som verdsmeister etter å ha vunne med 4-2 over Ungarn i finalen.

15 land deltok i meisterskapen, den tredje verdsmeisterskapen i fotball. 12 av deltakarlanda var frå Europa, einast Brasil, Cuba og Nederlandsk Ostindia kom frå andre verdsdelar. Meisterskapen vart arrangert som utslagsturnering med cupkampar i tre rundar, pluss finale og bronsekamp.


Noreg, som deltok i ein fotball-verdsmeisterskap for fyrste gong, møtte i 1. runde Italia, den regjerande meisteren. Italia gjekk vidare då laget vann 2-1 etter ekstraomgangar. Også Brasil og Tsjekkoslovakia måtte han ekstraomgangar for å avansere til kvartfinalane, medan Sveits og Cuba måtte ut i omkamp før dei var vidare. Derimot trengde vertslandet Frankrike og Ungarn einast 90 minuttar på avansemenet. Sverige fekk walkover.

I kvartfinalane slo Italia ut vertslandet, og både Ungarn og sørleg Sverige tok seg greitt vidare. Brasil måtte derimot han omkamp før Tjsekkoslovakia var elimenert. I semifinalen valde Brasil å stille utan storskåraren Leônidas da Silva mot Italia, og tapte 1-2. Ungarn feia Sverige av bana med 5-1 i den andre semifinalen. Brasil vann bronsekampen med 4-2 over Sverige, der Leônidas var tilbake og vart toppskårar i meisterskapen med i alt sju nettkjenningar.

Lagoppstillingane i VM-finalen 1938

FinalenEndra

Finalen på Stade Colmbes i Paris opna med to kjappe skåringar. I det 5. minutt sende Gino Colaussi Italia framom, to minuttar seinare utlikna Pál Titkos for Ungarn. Silvio Piola gav Italia leiinga på nytt i det 16. minutt og Colaussi auka til 3-1 i det 35. minutt. Kapteinen György Sárosi reduserte så for Ungarn 25 minutt ut i andre omgang, men åtte minuttar før slutt la Piola på til 4-2 og kampen ebba ut. Lagkapteinen Meazza var den einaste tilbake frå 1934-vinnarane.

Italia sitt meisterlag: Aldo Olivieri, Alfredo Foni, Pietro Rava, Pietro Serantoni, Miguel Andreolo, Ugo Locatelli, Amedeo Biavati, Giuseppe Meazza, Silvio Piola, Giovanni Ferrari og Gino Colaussi,

Ungarn: Antal Szabó, Gyula Polgár, Sándor Bíró, Antal Szalay, György Szűcs, Gyula Lázár, Ferenc Sas, Jenő Vincze, György Sárosi, Gyula Zsengellér og Pál Titkos.

45 000 tilskodarar såg finalen. Franske George Capdeville var dommar.

KjelderEndra