Øivind Johnssen

norsk sportsjournalist

Øivind Johnssen (26. mai 19221. februar 2005) var ein norsk skodespelar og sportskommentator. Han var tilsett mellom anna på Studioteatret og Nationaltheatret, før han i 1959 vart kommentator for NRK.

Øivind Johnssen
Fødd26. mai 1922
FødestadOslo
Død1. februar 2005 (82 år)
Verka somjournalist, skodespelar

Som sportskommentator – med fotball, skihopping, skiskyting og kunstlaup som spesialfelt – kommenterte han alle OL frå og med Innsbruck i 1964 til og med Seoul i 1988. Han kommenterte òg tippekampane frå England i 20 år, og hadde i fleire år ansvaret for å kommentera 17. mai-feiringa for NRK.

FilmkarriereEndra