Opna hovudmenyen

Ørjan Låstad (fødd 12. juli 1977) er ein norsk fotballspelar som i 2011 spelar for Åsane Fotball. Han har tidlegare spelt for Bergen Nord og Løv-Ham, og har vore i søkelyset til Tippeligaklubbar som Brann og Odd Grenland. Han blei henta til Løv-Ham frå Åsane sommaren 2005 for å bidra til å sikre klubben ny kontrakt i Adeccoligaen. Han var Løv-Ham sin toppskårar i 1. divisjon i 2005-sesongen med 8 seriemål og i 2006-sesongen med 14 seriemål. I starten av 2007 fekk Låstad ein førespurnad frå den italienske Serie-B klubben Verona, men han takka nei til den italienske klubben. Før 2010-sesongen forlet han Løv-Ham og gjekk attende til Åsane. Han vart delt toppskårar for Åsane i 2. divisjon i 2010-sesongen, med åtte seriemål.

Ørjan Låstad

Ørjan Låstad.JPG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1977
Idrett fotball
Yrke fotballspelar