Fotballklubben Ørn-Horten er eit idrettslag i Horten. Klubben vart stifta 4. mai 1904 som Ørn Fotballklubb. Klubben vart norsk meister i fotball fire gongar i tida 1920-30. Ørn spelar heimekampane på Lystlunden, eit stadion som ligg i eit parkområde sentralt i Horten.

I 2020 spela Ørn-Horten i 3. divisjon avdeling 2.

Soge endre

Ørn var ein av dei fremste fotballklubbane i Noreg frå den nasjonale fotballens barndom i åra før 1910, og i tida fram mot 1935. Både i 1908, 1913 og 1915 nådde laget semifinalane i fotball-NM, før det i 1916 spelte NM-finale mot Frigg og tapte 0-2. Fire år seinare møttest dei same to klubbane til ein kamp om Kongepokalen, eit oppgjer som enda med 1-0-siger for Ørn. Etter tapte semifinalar i 1922 og 1925, nådde Ørn cupfinalen heile fem år på rad; 1926-1930. I 1926 vart det tap 0-3 mot Odd, året etter siger 4-0 over Drafn. Ørn vart så norsk meister i 1928 med 2-1 over [[Lyn]9 og i 1930 med 4-2 over Drammens Ballklubb. Sesongen i mellom, 1929, vart Sarpsborg FK for sterke med 2 mpl, mot 1. I 1932 deltok Ørn i sin åttande NM-finale og fekk grisebank av Fredrikstad FK, det stod 1-6 då fløyta lydde. Ørn spelte kvartfinale i NM-cupen for siste gong i 1950.

Ørn spelte i Hovudserien frå starten i 1948 til 1952. Klubben deltok i den såkalla maratonserien 1961/62, der den vart nummer 14 av 16 lag. Dermed vart spel i 2. divisjon frå 1963. Sidan har klubben veksla på å spele på andre og tredje nivå i norsk seriefotball. I 2015 har Ørn-Horten spelte på nivå tre.

Klubbprofilar endre

Michael Paulsen, Harald Strøm, Gudmund Fredriksen, Reidar Høilund, Emil Hansen, Egil Jacobsen, Ingar Pedersen, Gunnar Dahl, Oscar Thorstensen, Per Bjørnø, Per Bredesen og Bjørn Odmar Andersen.

Kjelder endre