Drafn

Norsk idrettslag

Ski- og Ballklubben Drafn er eit idrettslag i Drammen, stifta 15. september 1910. Laget har vunne 19 noregsmeisterskap i bandy og spelte i 1927 NM-finale i fotball. Drafn spelar i grøne trøyer, kvite bukser og svarte strømper med kvitt nedbrett. Marienlyst stadion i Drammen har vore heimebane sidan 1924. Laget har i dag i kring 200 medlemer. Skirennarane Thorleif Haug og Hans Bjørnstad var begge medlemer av Drafn.

Fotball endre

Drafn spelte ni semfinalar i noregesmeisterskapen i fotball i tida 1914-39, og tapte åtte av dei. Laget tok seg til cupfinalen i 1927, der det vart tap 0-4 mot hortenslaget Ørn. Drafn spelte i 2. divisjon i sesongane 1970 og -71. Sidan 1999 har laget einast spelt lokal seriefotball.

Ski endre

Drafn arrangerte Ski-NM i 1946 og 1956. Den triple olympiske meisteren i langrenn og kombinert, Thorleif Haug, representerte Drafn i alle sine år. Også verdsmeisteren i skihopping 1950, Hans Bjørnstad, var Drafn-medlem. Hoppbakken Drafnkollen, med bakkerekord på 90,5 m, var i bruk i tida 1939-70. Etter den tida har det vore låg skiaktvitet i laget.

Curling endre

Curling vart teke med som idrett i 2012.

Bandy 1912-97 endre

Drafn var eit av dei ni laga som var med å stifte Norges Bandyforbund i 1920. Laget etablerte seg snøgt som ein leiande klubb i Noreg. Drafn spelte sin første NM-finale i 1924 og tok sitt første noregsmeisterskap i 1926. Den siste meisterskapstittelen tok laget i 1991. Drafn vann 19 norske meisterskap i bandy, og er mellom dei mestvinnande norske bandyklubbane. Laget spelte i toppserien frå oppstarten i 1932 til 1997. 46 Drafn-spelarar representerte det norsk bandylandslaget.

Grunna sviktande rekruttering til bandyidretten gjekk Drafn og fem andre bandylag i Drammen i 1997 saman i Drammen Bandy.

Drafnprofilar endre

Skikongen Thorleif Haug, langrennarane Henry og Oscar Gjøslien, skihopparen Hans Bjørnstad, bandy- og ishockeyspelaren Einar «Bror» Andersen, bandyspelarane Rolf Langeland, Roar Løwer Nilsen og Per Waage, samt Johan Støa, vinnar av Egebergs ærespris.

Kjelder endre