Østasiatisk Kompagni

Østasiatisk Kompagni, ØK eller EAC, East Asiatic Company vart skipa i 1897 av H. N. Andersen.

Det Østasiatiske Kompagni låg tidlegare på Midtermolen i København

I løpet av dei neste 80 åra oppretta dei sjøtransport over heile verda. I 1965 kjøpte dei Plumrose, som i dag er fundamentet for aktivitetane til ØK i Sør-Amerika. På 1970-talet var ØK det største føretaket i Skandinavia målt i omsetning, men stor gjeld førte til store tap på 1980-talet, og mange forretningsområder måtte seljast unna.

I 2005 vart den største føretakseininga, EAC Nutrition, seld til nederlandske Royal Numico NV.

I dag fokuserer ØK på tre hovudområde, hovudsakleg i Asia og Sør-Amerika: EAC Foods, EAC Industrial Ingredients og EAC Moving and Relocation Services.

Selskapet er notert på Københavns Fondsbørs.

Av skipa som reiarlaget eigde finn ein det danske hospitalskipet M/S «Jutlandia».

Administrerande direktørar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre