Opna hovudmenyen
Skandinavia i grønt

Skandinavia (samisk Skadesi-suolu/Skađsuâl) er eit delvis geografisk men hovudsakleg kulturelt og historisk område som inneheld dei tre skandinaviskspråklege landa, Noreg, Sverige og Danmark. Størstedelen av området er den skandinaviske halvøya, med Danmark som ei sørleg utviding. I Norden refererer nemninga skandinaviske språk til språka norsk, svensk og dansk.

Gjennom historia har dei skandinaviske landa ført mange krigar mot kvarandre, men har også vore i union, først i Kalmarunionen under Margrete Valdemarsdotter og seinare som Danmark-Noreg og Noreg og Sverige. I moderne tid har landa medvite søkt å samarbeida for å stå styrkt i verda. Det at skandinavar kan reisa mellom landa utan pass er ein viktig del av eit slikt samarbeid.

Innhaldsliste

LandEndra

Andre definisjonarEndra

I engelsktalande land og i Tyskland tek ein ofte også med Finland, Færøyane og Island i Skandinavia, sidan omgrepet for Norden, «dei nordiske landa», ikkje er særleg i bruk.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skandinavia
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.