Østen Olsson Ovren

Østen Olsson Ovren (7. januar 178018. oktober 1843) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gausdal i Oppland.

Østen Olsson Ovren
Fødd 7. januar 1780
Gausdal
Død

18. oktober 1843 (63 år)
Gausdal

Yrke bonde, politikar

Han var fødd på garden Ovren i Østre Gausdal, der faren var gardbrukar. I 1802 overtok han farsgarden og dreiv denne sidan. Han var i mange år med i forlikskommisjonen, og var i 1838-39 den fyrste ordføraren i kommunen.

Ovren representerte Christians amt (Oppland) på Stortinget i 1815-16, 1821, 1822 og 1833. I 1815-16 var han medlem av tre komitear, mellom dei om land-, skog- og bergvesen, samt kongetiend i Østerdalen. Også medlem av tre komitear i 1821, om fengselslova og om glasverk. I 1833 var han medlem av Lagtinget og næringskomiteen.

Han døydde på garden sin i 1843.

KjelderEndra