Østerdalen

Østerdalen, av og til Østerdalene, er eit dalføre og distrikt som ligg i Hedmark i Innlandet fylke. Østerdalen omfattar elvedalen utskoren av Glåma frå nordgrensa til Hedmark fylke og sørover til Elverum. Sør for Elverum kallast dalføret Glåmdalen.

Østerdalen
Alvdal Storsölnkletten 1827m Gravskardhögda IMG 9321.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Kart
Østerdalen
61°34′33″ N 11°5′14″ E

Dei største sidedalane er Rendalen, Folldal og Atndalen. Østerdalen er dei fleste stader temmeleg brei, og blir rekna som Sør-Noregs største dalføre.

Dalen var tidlegare delt i to futedøme som framleis er brukt som regionsnemningar, Sør-Østerdal og Nord-Østerdal. I dag femner Østerdalen kommunane Rendalen, Engerdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os, Elverum, Trysil, Åmot og Stor-Elvdal.

Distriktet Østerdalen omfattar òg sidedalane og Kvikne, Engerdal og Trysil, som ikkje har avløp til Glåma. Østerdalen er prega av rolege landskapsformer og avrunda fjell. Dalføret er for det meste dekt av furuskog. Typisk for Østerdalen er at store delar av skogbotnen er dekt av reinlav, særleg arten kvitkrull.

Østerdalen har eit samla areal på 19 389 kvadratkilometer med 50 122 innbyggarar (1. juli 2009), fordelt på elleve kommunar (sjå under).

HistorieEndra

Østerdalen var tidleg folkesett av samar, som mellom anna levde av elgjakt. Norrøne bønder kom til i laupet av jernalderen. Dei fortrengde etterkvart samane, som gjekk over til å livnæra seg ved reindrift.[1]

Regionale inndelingEndra

Østerdalen vert ofte delt inn i Sør-Østerdal, med Elverum som sentrum, og Nord-Østerdal, med Tynset som sentrum.

Geistleg inndelingEndra

Begge desse prostia ligg under Hamar bispedømme.

Judisiell inndelingEndra

Begge desse tingrettane ligg under Eidsivating lagdømme.

Interkommunal inndelingEndra

Tidlegare sivil inndelingEndra

Begge desse fogderia låg under Hedemarkens amt.

SamferdselEndra

Østerdalen er ei hovudferdselsåre mellom Oslo og Trondheim med både veg (Riksveg 3) og jernbane (Rørosbanen).

KjelderEndra

  1. «Samisk jernalder i Østerdalen». forskning.no. 14. januar 2008. Henta 14. mai 2020. 

BakgrunnsstoffEndra