Øvre Sirdal kommune

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg

Øvre Sirdal kommune var ein tidlegare kommune i Vest-Agder som blei etablert då Sirdal kommune blei delt i 1905. Den nedste delen av Sirdalen fekk namnet Tonstad kommune.

I 1960 blei dei to kommunane slått saman igjen, tillagt bygda Haughom frå Bakke, og fekk på ny namnet Sirdal kommune.