Sirdal kommune

kommune i Agder

Sirdal er ein kommune heilt nord i Agder fylke. Sirdal er ein innlandskommune, som grensar i sør mot Flekkefjord, og i aust mot Kvinesdal.

Sirdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Tonstad
Areal 1 555 km²
 - land 1 379 km²
 - vatn 176 km²
Folketal 1 842 (1. januar 2018)
Målform nøytral
Ordførar Thor Jørgen Tjørhom (Sp)
Kommunenr. 4228
NO 4228 Sirdal.svg
Wikimedia Commons: Sirdal
Nettstad: www.sirdal.kommune.no

Kommunevåpenet viser tre oppflygande ryper i sølv på grøn bakgrunn. Historisk har rypefangst vore ein viktig næringsveg i Sirdal.[1]

HistorieEndra

Namnet «Sirdal» kjem av elva Sira som renn gjennom dalen. Ein sirdøl er ein som bur i Sirdal eller som kjem derifrå.

Sirdal kommune vart opphavleg oppretta i 1849 ved utskiljing frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 vart kommunen delt i Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Øvre Sirdal kommune, Tonstad kommune og Haughomgrenda slegne saman til Sirdal kommune. Espetveit og Viraksgrenda blei overført frå Flekkefjord kommune i 1987.[1]

NæringslivEndra

Sirdal er ein kommune med mykje fjellterreng og store vasskraftressursar. Sira-Kvina kraftselskap har hovudkontor og driftssentral på Tonstad. Tradisjonelt har gardbrukarar frå Jæren kome med sauene sine til Sirdal for å ha dei på sommarbeite. Etter kvart har Sirdal utvikla ei sterk næring retta inn mot turisme. Mange har hytte i kommunen, og det er gode skitilhøve om vinteren. Om sommaren er det mange som går tur i Ryfylkeheiane og Setesdalsheiane.

MediaEndra

Nettavisa Sirdølen er lokalavis for Sirdal og dalstroka innanfor.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Om vår kommune, sirdal.kommune.no

Koordinatar: 58°39′54.3″N 6°42′57.1″E