Øvre Sund bru
Øvre Sund bru er ei bru over Drammenselva i sentrum av Drammen. Brua utgjer ein del av Fylkesveg 282 og Sentrumsringen, og var opna 9. september 2011. Brua er ein del av Vegpakke Drammen og det siste prosjektet i Sentrumsringen. Øvre Sund bru forbind Grønland (sør) og Hamborgstrøm (nord).
![]() | |
Type | vegbru, platebru |
---|---|
Opna | 2011 |
Strekning | Fylkesveg 282 |
Lengd | 150 meter |
Største spenn | 32 meter |
Breidd | 22 meter |
Kryssar | Drammenselva |
Materiale | Betong |
Arkitekt | Bovim-Fuglu-Svingen Arkitekter (seinare Nuno Arkitektur) |
![]() Øvre Sund bru |

Foto: Knut Arne Gjertsen
Lengda til brua er på 148 m, lengda inkl. brokar er 250 meter. Det er to køyrefelt i kvar retning i tillegg til separat sykkelveg med fortau. Lengda på delen med sykkelveg og fortau er noko kortare enn hovudspennet. Dei totale prosjektkostnadene var på 527,5 millionar kroner.
I 2000 vart ein arkitektkonkurranse kunngjort, og den vart vunnen av Bovim-Fuglu-Svingen Arkitektar (seinare Nuno Arkitektur).
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Øvre Sund bru» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2020.
Litteratur Endra
- Anne-Beth Jensen: «Raffinert bruløsning», s. 126-129 i Byggeindustrien, Nr. 7/2011. ISSN 03327086.