Drammen
By
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Drammen
Areal 51,23 km²
Folketal 122 955  (2023)
Folketettleik 2 400 / km²
Innbyggjarnamn drammensar
Preposisjon i Drammen
Kart
Drammen
59°44′38″ N 10°12′16″ E

Drammen (òg kalla Dramn) er ein by og administrasjonssenteret i Drammen kommune i Buskerud fylke. Byen ligg ved utløpet av Drammenselva i Drammensfjorden, like sør for Oslo, og strekkjer seg vest-aust langs elva og vidare langs fjorden, langs Vestfoldbanen og E 18 sørover til Skoger, i tillegg til Konnerud. Byen blei til ved munningen av elva, med Bragernes nord for munningen, og Strømsø på sørsida. Folketalet i byen voks gjennom heile 1800-talet, særleg da det blei skipa bedrifter som foredla treverk. Veksten var meir moderat etter år 1900.

Drammen tettstad har med tida vakse ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Røyken, Lier, Øvre Eiker og Nedre Eiker. Samla har tettstaden eit folketal på 122 955 innbyggjarar per 1. januar 2023. Drammen var sete for det tidlegare fylkesmann-embetet i Buskerud.

Næringsliv endre

Drammen sett frå Knabben, Nedre Eiker.
Aass bryggeri sett frå Strømsø.
Foto: Knut Arne Gjertsen

12 % av arealet i kommunen er jordbruksareal. Av dette er 57 % nytta til kornproduksjon og 19 % til slåtteland og beite. Jordbruksareala finst for det meste i Skoger. Kommunen har atskilleg skogbruk., og Selvik Bruk og Drammen kommune har dei største skogeigedomane i kommunen, med høvesvis 23,5 km2 og 16 km2.

Drammen er tradisjonelt ein industriby. I 1980 var 27 % av dei yrkesaktive sysselsette i industri mot 21 % for landet som heile. Men delen arbeidstakarar i industrien har gått tilbake til 12 % i 2001. Dei viktigaste industrinæringane er produksjon av elektriske maskiner og optiske apparat med 35 % av dei sysselsette i industrien i 2001, og treforedling og grafisk industri, begge med 9 %. Viktigaste hovudnæring er varehandelen som sysselset 23 % av dei yrkesaktive. Sidan 1960-åra har engroshandelen vist ein monaleg vekst som følgje av auka import; viktigast er bilimporten over Drammens Bilhavn på Holmen, i tillegg til utførsel av treforedlingsprodukt. Ein stor del av industrien og engroshandelen er lokalisert til dei store flatene langs elva og fjorden like utanfor munningen. Viktige bedrifter er Aass bryggeri, ABB Kraft, Harald Lyche & Co. (handels- og industrikonsern), Osram-Fabrikken. Drammen er eit viktig handelssenter for kommunane omkring.

I Drammen kjem dagsavisa Drammens Tidende ut.

Samferdsle endre

Bybrua, som blei opna i 1936.

Drammen jarnbanestasjon er stasjon for Drammensbanen frå Oslo, Sørlandsbanen over Hokksund og Kongsberg til Kristiansand og Stavanger, Vestfoldbanen til Vestfold-byane og Skien/Porsgrunn, og Randsfjordsbanen til Hønefoss, der persontoga på Bergensbanen går på veg til Bergen. Persontoga går via Drammen på veg til Bergen. To nye jarnbanebruer for Drammensbanen over Drammenselva, Strømsøbrua og Bragernesbrua, stod ferdige i 1996.

Europaveg 18, E18, (Stockholm–Ørje–Kristiansand) er hovudsambandet til Oslo og Vestfold-byane. Vegen passerer bysenteret i høgbru. Frå E18 i Lier kommune går Oslofjordsambandet (riksveg 23) til Vassum i Frogn på Europaveg 6. Frå E18 fører E134 på sørsida av Drammenselva vestover til Hokksund og Kongsberg og vidare til Haugesund. På nordsida går fylkesveg 283 via Bragernestunnelen til Mjøndalen. På vestsida av Drammensfjorden går fylkesveg 319 til Svelvik og vidare til Sande i Vestfold.

Eit tett bussnett knyter Drammen bysenter til resten av byen og kommunane omkring. Både den sentrale busstasjonen og jarnbanestasjonen ligg på Strømsø tett inntil elva.

Historie endre

Jernbanebrua over Bragernesløpet.
Foto: Knut Arne Gjertsen
Ypsilon bru.
Foto: Knut Arne Gjertsen
Øvre sund bru.
Foto: Knut Arne Gjertsen

HelleristingarÅskollen og ved Skogerveien viser at det har vore menneske i området i minst 6 000 år. Likevel var det først på 1300-talet at menneske danna varige busetjingar der, med ladestadane Bragernes og Strømsø på kvar si side av elva. Først i 1811 blei dei to slått saman til kjøpstaden Drammen.

Ein brukte hamna til å samla, behandla og eksportera tømmer som var kome ned elva, og på syttenhundretalet var dei to kjøpstadane det største tømmersenteret i Noreg. I takt med den industrielle revolusjonen byggde ein òg fleire papirfabrikkar der på slutten av 1800-talet. Av annan industri hadde byen glasverk, jarnverk og bryggjeri. Saman med fabrikkane voks arbeidarrørsla fram i byen, og det var her at Marcus Thrane starta den første arbeidarforeninga i 1848. Drammens stordomstid som industriby var frå omkring 1900 og fram til mellomkrigstida og følgjer konjunkturane i treforedlingsindustrien.

Drammen fekk jarnbane i 1870 då Randsfjordbanen nådde byen. Drammensbanen frå Oslo kom i 1872. I 1909 fekk byen den første trolleybussen i Skandinavia, kalla trikken på folkemunne. Trolleybussen blei lagt ned i 1967.

Drammen i dag endre

Drammen bibliotek.
Foto: Knut Arne Gjertsen

Mot slutten av sekstitalet stengde dei fleste papirfabrikkane, og industrien i Drammen endra deretter karakter. No driv ein med elektronikk, næringsmiddel, trykking og grafikk. Drammen er fortsatt eit transportsenter, men innføring har dels erstatta utføring av varer, spesielt nisjevarer som moderne bilar og frisk frukt og grønt.

Som eit trafikknutepunkt skore gjennom av E18 og startpunkt for E134, møtepunkt for Sørlandsbanen, Randsfjordsbanen (Bergensbanen) og Drammensbanen og den største importhamna for bilar i Noreg, har Drammen vore prega av trafikkpress og kaos.

I dag går trafikken vestover gjennom to tunnelar, med E134 på sørsida av elva og den lokale riksvegen på nordsida. Motorvegbrua, den lengste vegbrua i Noreg, har lenge vore ein flaskehals på E18 med sine to felt. Ei ny bru ved sida av som er under bygging skal dobla kapasiteten.


Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Drammen