St. Martin er ei øy i Karibia. Øya er den minste i verda som er delt mellom to land, Frankrike og Nederland. Den nordlege delen er ein fransk oversjøisk kollektivitet (collectivité d'outre mer) under namnet Saint-Martin, og den sørlege delen er eit øyområde (eilandgebied) i Kongeriket Nederlanda under namnet Sint Maarten. Arealet er 87 km² og folketalet om lag 68 000.

Øya St. Martin
Lokalt namn Saint-Martin/Sint Maarten
Satellittbilete av St. Martin
Satellittbilete av St. Martin
Geografi
Stad Karibia
Koordinatar 18°04′N 63°03′W / 18.067°N 63.050°W / 18.067; -63.050
Øygruppe Dei små antillane

Areal 87 km²

Høgaste punkt Pic Paradis (414 moh.)

Administrasjon
Land Frankrike/Nederland (Kongeriket Nederlanda)
Oversjøisk kollektivitet i Frankrike
Øyområde i Dei nederlandske antillane
Saint-Martin


Sint Maarten
Største busetnad Marigot (5700 innb.)

Demografi
Folketal 68 000
Folketettleik 782 /km²