Øyfjell stavkyrkje
Øyfjell stavkyrkje er ifølgje Lorentz Dietrichson[1] nemnd berre to gongar i mellomalderen: 25. august 1401[2] og i 1453.[3] Kyrkja er omtala av Jens Nilssøn, som visiterte ho i 1595[4] og fortel at det vart ble halde gudsteneste åtte gongar i året. Samme stad går det fram at kyrkja var anneks til Lårdal, noko som varte ved til 1859, då Øyfjell vart lagd til Rauland.[5] I 1662 skal det ha vore behov for vøling. Ein synfaringsrapport frå 1668[1][6] skildrar ei stavkyrkje omgjeven av svalgangar, og det let til at kyrkja er i brukbar stand. Stavkyrkja vart riven i 1826, og ny kyrkje (dagens) vart innvigd i 1833.[6]
Stavkyrkjeportal
endreEin portal frå stavkyrkja er bevart i Oldsaksamlinga. Dietrichson seier om portalutskjeringane at dei «tilhører Telemarkstypen, er brede, næsten raa, men kraftige og klare, dog vidner forskjellige merker om, at de tilhører en sen tid.»[7] Dominans av plantemotiv, proporsjonar og det Dietrichson oppfattar som lågare kunstnerisk verd, vert teke til inntekt for dette synet, og Dietrichson meiner portalen stammar frå «betydelig længer ned i tiden» enn den tidfestinga til ca. 1200 som Nicolay Nicolaysen hadde forsøkt seg på tentativt.[8] Roar Hauglid verdset handverket høgare og daterer portalen til midten av 1200-talet.[9] Han meiner same person må stå bak arbeid i m.a. Vinje stavkyrkje og Uvdal stavkyrkje.[10]
I tillegg er det bevart ein gjennombroten planke frå korskillet.[11]
Kjelder
endre- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 127–128
- Lorentz Dietrichson (1892). «Øifjeld kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 415–417.
- Denne artikkelen bygger på «Øyfjell stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2020.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Dietrichson, s. 415.
- ↑ Diplomatarium Norvegicum I:576
- ↑ Venteleg Diplomatarium Norvegicum II:802, utan at kyrkje- eller soknenamnet er omtala eksplisitt.
- ↑ Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 379.
- ↑ Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Telemark
- ↑ 6,0 6,1 Brendalsmo, s. 127.
- ↑ Dietrichson, s. 416.
- ↑ Ifølgje Dietrichson.
- ↑ Roar Hauglid (1969). Norske stavkirker. Dreyer. s. Pl. 131.
- ↑ Roar Hauglid (1973). Norske stavkirker: Dekor og utstyr. Dreyer. s. 185 og 198.
- ↑ Sjå t.d. Hauglid (1973), s. 358.
Bakgrunnsstoff
endre- Øyfjell stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren