Nicolay Nicolaysen

norsk antikvar og arkeolog

Nicolay Nicolaysen (14. januar 181722. januar 1911) var ein norsk antikvar og arkeolog frå Bergen. Han var den leiande antikvaren i Noreg i eit halvt hundreår og er særleg kjend for for granskingane av norsk byggjekunst i mellomalderen. I 1880 leia han dei arkeologiske utgravingane som avdekte Gokstadskipet.

Nicolay Nicolaysen

Fødd14. januar 1817
Bergen
Død22. januar 1911
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, arkeolog, historikar, kunsthistorikar
BarnLyder Nicolaysen
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Nicolay Nicolaysen var son til kjøpmann Lyder Nicolaysen og tok juridisk embetseksamen i 1841. I 1844 vart han medlem i den nystarta Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring. Sju år seinare vart han formann i foreininga, og frå 1860 var han tilsett som antikvar og rådgjevar ved Kyrkjedepartementet med spesielt ansvar for fortidsleivningar i Noreg.

Nicolaysen var mykje aktiv og leia gjennom tiåra hundrevis av utgravingar, fyrst og fremst av gravhaugar og -felt. Særleg kjend var han for sine granskingar av Munkeliv kloster ved Bergen, Mariakyrkja i Oslo, Borrehaugane og Gokstadhaugen i Vestfold. Elles deltok han mellom anna i restaureringa av Nidarosdomen i Trondheim og HåkonshallenBergenhus. Nicolaysen stod også bak opprettinga av Kunstindustrimuseet i Oslo. Han var ein viktig pådrivar då den gamle Tegneskolen vart omorganisert til ein tidsmessig kunsthandverkskule.

Utvalde verk endre

  • «Mindesmerker af Middelalderens Kunst i Norge».
  • «Norske Stiftelser» (1-5).
  • «Norske Magazin» (1-3).
  • «Norske Bygninger fra Forntiden» 1-3, 1860-80.
  • «Norske Fornlevninger», 1861-66.
  • «Langskipet fra Gokstad».
  • «Kunst og Haandværk fra Norges Fortid», 1881-95.

Kjelder endre