Øyposten
Øyposten er ei lokalavis som vert utgjeven i Finnøy og Rennesøy i Rogaland fylke. Redaktør er Rune Nedrebø. Avisa har kontor på Judaberg på Finnøy. Avisa kjem ut ein gong i veka (torsdag), totalt 48 gonger i året.
Historie
endreAvisa starta som kommunalt informasjonsblad i 1970.[1] I 1999 vart Øyposten aksjeselskap. I dag har avisa fem tilsette. Rune Nedrebø vart tilsett som ny redaktør i september 2019.[2] Tidlegare redaktørar er blant anna Edd Meby og Jon Asgaut Flesjå. Etter kommunesamanslåinga i 2020 der Finnøy og Rennesøy blei ein del av Stavanger kommune, blei også Rennesøy med som ein del av dekningsområdet til avisa.
I juni 2021 blei 80 prosent av Øyposten AS kjøpt opp av Schibsted,[3] noko som innebar både Øyposten og nettavisa Randaberg24. I ettertid kjøpte konsernet også opp dei siste 20 prosenta,[4] og avisa er dermed heileigd av Schibsted.[5]
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[6]
År | Nettoopplag
|
---|---|
2004 | 1 157 |
2005 | 1 157 |
2006 | 1 191 |
2007 | 1 254
|
2009 | 1 390 |
2010 | 1 458 |
2014 | 1 391 |
Kjelder
endre- ↑ «Fakta om Øyposten», Øyposten, arkivert frå originalen 11. november 2021, henta 11. november 2021
- ↑ «(+) Rune (66) vraket pensjonistlivet for avisen som vokser mest i fylket: – Verdens beste yrke», m24.no (på norsk bokmål), 1. oktober 2020, henta 11. november 2021
- ↑ Waatland, Erik (9. juni 2021), «Schibsted kjøper lokalaviser: Øyposten og Randaberg24 i Rogaland», m24.no (på norsk bokmål), henta 11. november 2021
- ↑ «Dickinson sel seg heilt ut av Øyposten», Øyposten, 28. september 2021, henta 11. november 2021
- ↑ Weiberg-Aurdal, Jan Magnus (17. september 2021), «Iris Elin Ullvang er ny journalist i Øyposten», m24.no (på norsk bokmål), henta 11. november 2021
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.