Ei lokalavis er ei avis med eit avgrensa geografisk nedslagsfelt.

Det finst små og store lokalaviser, men sams for dei fleste er at dei dekkjer ein eller nokre få kommunar, ein by eller ein region. Dei fleste norske aviser er lokalaviser.

Når ei lokalavis blir svært stor må ho ofte måtta reklassifiserast til regionavis. Nokre aviser kan karakteriserast som både lokalavis og regionavis. Dei største avisene er riksaviser.

Mange av dei minste lokalavisene i Noreg er medlem av interesseorganisasjonen Landslaget for Lokalaviser. Dei fleste av dei øvrige avisene er medlem av tarifforganisasjonen Mediebedriftenes Landsforening (MBL).