Øyvind Alsaker (fødd 16. august 1965) er ein sportsjournalist og fjernsynspersonlegdom frå Florø i Sogn og Fjordane. Han er utdanna ved Høgskulen i Volda. Han har vore fotballkommentator i TV2 og Canal+, og har blant anna kommentert engelsk Premier League i fleire sesongar.

Øyvind Alsaker
Fødd 16. august 1965
Yrke journalist

Han kommenterte brorparten av kampane frå Tyskland under VM i 2006. Tippeligaen blei også dekka av TV2, og Alsaker kommenterte ein stor del av kampane saman med Nils Johan Semb. Alsaker kommenterte også EM 2008 i Sveits og Austerrike saman med Nils Johan Semb og Totto Dahlum.

Under OL i Sotsji kommenterte han alpint for TV2.

KjelderEndra