Øyvind Mund (fødd 1965) er ein norsk programleiar i TV 2.

Øyvind Mund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1965 (59 år)
Rykkinn, Bærum kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar
Prisar Gullruten for beste programleder

Han har vore programleiar i serien Gylne tider. For innsatsen sin i programmet blei han kåra til beste mannlege programleiar under Gullruten 2004 og nominert i same klasse under Gullruten 2011.

I 2018 leia han TV 2-programmet Samme tid neste år, og blei nominert til Gullruten 2018 i klassen beste mannlege programleiar.[1]

Han slutta i TV 2 i juni 2024, etter 30 år ved kanalen, som del av ein sparepakke.[2]

Program

endre
  • Landskampen, sesong 1, 2019
  • Samme tid neste år, 2018
  • Sommer i Dyreparken, 2016 (medprogramleiar)
  • Alle tiders måltid, 2016 (voice over, programleiar)
  • God sommer Norge, 2015 (programleiar)
  • The Voice, 2012-2021 (programleiar)
  • Ønskedrømmen, 2011 (programleiar)
  • Gylne tider, 2002-06 (programleiar, idé, regi, manus)
  • Alle mot én, 2006, 2007 (programleiar)
  • Artistgallaen, 2006 (programleiar)
  • Astronautene, 2002 (programleiar)
  • Tid for reise, 2001 (programleiar)
  • Bykampen, 1999 og 2000 (programleiar)
  • Det er sommer det er sol og det er torsdag, 1997 (programleiar)
  • God morgen, Norge, 1994-1999 (programleiar)

Kjelder

endre
  1. «Dette er de nominerte til Gullruten 2018». nrk.no. 22. mars 2018. Henta 10. mai 2018. 
  2. Zaheer, Nafisa (30. august 2024), «Øyvind Mund slutter i TV 2», kampanje.com (på norsk bokmål), henta 1. september 2024