Ülemistesjøen
Ülemistesjøen (estisk Ülemiste järv) er den største innsjøen nær Tallinn, hovudstaden i Estland. Ülemistesjøen er vatnet som det meste av byen får drikkevatnet sitt frå. Innsjøen får mest vatn frå elvene Kurna og Pirita (via Vaskjala-Ülemiste -kanalen).
Ülemistesjøen | |||
innsjø | |||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Kurna | ||
Utløp | Vassystemet i Talinn | ||
Høgd over havet | 35,7 moh. | ||
Areal | 9,6 km² | ||
Middeldjupn | 2,5 m | ||
Største djupn | 6 m | ||
Koordinatar | |||
Byar | Tallinn | ||
Ülemistesjøen 59°23′57″N 24°46′08″E / 59.3993°N 24.7689°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Ülemiste |
Tallinn flyplass ligg ved austsida av innsjøen, og luftfartøy tar ofte av og landar over vatnet. Flyplassen har nødvendig utstyr for raskt å kunne taue ut fly som styrar i innsjøen.
Mytologi
endreI innsjøen ligg det ein stein kalla Lindakivi. I estisk mytologi seier ein at steinen var ein av steinane Linda bar til Kalev si grav ved Toompea, men som fall ut av forkledet hennar. Ho sat seg på steinen og gret, og slik vart dermed innsjøen danna.
Ei anna segn er at «Gamle Ülemiste» bur i innsjøen. Dersom nokon møter han, skal han visstnok spørre: «Er Tallinn klar no?». Og om personen då svarer «ja», så vil han flaume over byen. Så det rette svaret vil altså vere «Nei, det er mykje som enno må gjerast».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Ülemiste» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2007.