Meter

SI-eining for lengd
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Meter».
For meter i poesi, sjå metrikk.

Meter er ei SI-eining for lengd. I dag er denne lengda definert som strekninga lys forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund. Symbolet for meter er m.

Eit av dei første meterdøma i Paris.

Eininga blei til etter den franske revolusjonen, då dei revolusjonære ville ha eit nytt og uavhengig mål for lengd. Dei tok det greske ordet metron, som tyder mål, og let denne eininga stå for 1/10.000.000 av avstanden frå Nordpolen til ekvator. Problemet med denne definisjonen var at dei såg på jorda som heilt rund, noko ho ikkje er.

Definisjonen på ein meter har derfor endra seg over åra, for å bli meir presis og uforanderleg:

År Definisjon
1793 1/10.000.000 av avstanden mellom Nordpolen og ekvator
1795 Ei metallstang på ein meter blir laga i bronse
1799 Prototypen på ein meter blir laga i platina
1889 Den internasjonale prototypen på ein meter blir laga i ei legering av platina og iridium
1906 1.000.000/0,64384696 bølgjelengder av den raude linja i kadmiumspektrumet i luft
1960 1.650.763,73 bølgjelengder av radioaktive bølgjer produsert av eit

krypton-86-atom som går frå energinivået 2p10 til 5d5

1983 Strekninga lys forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund

Bakgrunnsstoff endre