Đurđevića Tara-brua

Đurđevića Tara-brua er ei bogebru over elva Tara nord i Montenegro. Ho ligg ved vegkrysset mellom Mojkovac, Žabljak og Pljevlja, og mellom landsbyane Budečevica og Trešnjica.

Đurđevića Tara-brua
DurdevicaTaraBridge.jpg
Transporterer Bilar, fotgjengarar
Kryssar Tara
Stad Nær Žabljak iMontenegro
Posisjon 43°09′02″N 19°17′43″EKoordinatar: 43°09′02″N 19°17′43″E
Utforming Bogebru
Lengste spenn 116 m
Total lengd 365 m
Seglingshøgd 170 m
Opna 1940

Ho vart bygd mellom 1937 og 1940, teikna av Mijat Trojanović. Då ho var ferdig var ho den største bogebrua i betong for bilar i Europa.

Brua er 365 meter lang og har fem bogar, den største bogen har eit spenn på 116 m. Distansen frå vegen og ned til elva er 172 meter.

I 1942, kort tid etter brua stod ferdig, kom italienske styrkar og ei gruppe tsjetnikarar (serbiske rojalistrørsle som samarbeidde med nazistane under den andre verdskrigen) til området. For å hindre framgangen deira måtte partisanarane som hadde bygd brua sprenge ho. Ein av bruingeniørane, Lazar Jaukovic, sprenge den sentrale bogen i lufta og blokkerte vidare framrykking for italienarane og tsjetnikarane. Dette var ei heroisk handling som kosta Jaukovic livet. Han vart fanga av italienarane og avretta på brua han hadde bygd.

I 1946 vart brua reparert og er sjølv i dag det viktigaste kryssingspunktet over Tarakløfta.

KjelderEndra