Tara i Montenegro

Tara (serbisk Ријека Тара, Rijeka Tara) er ei elv i Montenegro. Elva vert danna der elvane Ospanica og Veruša renn saman i Dei dinariske Alpane og renn 144 km nordover og renn i saman med Piva ved grensa til Bosnia-Hercegovina. Desse elvane dannar igjen Drina.

Tara
elv
Tara River Canyon.jpg
Tarakløfta
Land Flag of Montenegro.svg Montenegro
Lengd 144 km
Kjelde Der elvane Ospanica og Veruša renn saman
Munning Drina

Tara i Montenegro
43°20′54″ N 18°50′22″ E
Wikimedia Commons: Tara River

Tara har grave ut Tarakløfta, den djupaste kløfta i Montenegro og Europa med ei lengd på 78 km og eit djup på 1 300 meter på det meste. Kløfta er verna som ein verdsarvstad av UNESCO og er ein del av Durmitor nasjonalpark.

Dei bosniske og montenegrinske styresmaktene hadde planar om å byggje ei demning i Tarakløfta i samband med eit vasskraftverk i Drina, men planane vart skrinlagd i april 2005 etter sterke protestar. I september 2006 vart det derimot signert ein avtale mellom det slovenske selskapet Petrol og det montenegrinske selskapet Montenegro-bonus om å byggje eit anna vasskraftverk, trass i alle forsøka på å verne kløfta.

Tara må ikkje forvekslast med fjellet Tara og Tara nasjonalpark sør i Serbia.

Tara er ei populær elv for rafting, særleg i området gjennom Tarakløfta.

KjelderEndra