Łupkówpasset

Łupkówpasset (polsk Przełęcz Łupkowska, slovakisk Lupkovský priesmyk) er ein viktig fjellovergang i Karpatane på grensa mellom Polen og Slovakia, og nær grensa til Ukraina. Det høgaste punktet ligg 640 meter over havet. Overgangen ligg sør for landsbyen Łupków i Polen og aust for Medzilaborce i Slovakia. Under passet går ein 642 meter lang jernbanetunnel, over riksgrensa mellom dei to landa.

Tunnelinnganen på polsk side
Lupkow train tunnel 1.jpg

Łupkówpasset skil Dei låge Beskidane frå Bieszczadyfjella.

Tunnelen og jernbanelinja stod ferdig i 1874 for å knyte Galicia til resten av Austerrike-Ungarn over Karpatane. Sidan dette var ein viktig transportveg har overgangen vore strategisk svært viktig.

Łupkówpasset var ein av dei strategisk viktigaste fjellovergangane i Karpatane under slaga på Austfronten under den første verdskrigen vinteren 1914/1915. Jernbanetunnelen vart øydelagd og bygd opp att fleire gonger i løpet av dei to verdskrigane. Han vart bygd opp att i 1945, men vart lite nytta etter den tid. Først i 1999 vart vanleg passasjertrafikk igjen oppretta gjennom passet.

KjelderEndra

Koordinatar: 49°15′N 22°02′E