Dei låge Beskidane

Dei låge Beskidane eller Dei lågare Beskidane (polsk Beskid Niski, slovakisk Nízke Beskydy) er ein del av fjellkjeda Beskidane i Dei ytre austlege Karpatane søraust i Polen og nordaust i Slovakia. Det er ein åslendt region i Prešov i Sanok fylke og Jasło fylke mellom Busov, Ondavská vrchovina, Laborecká vrchovina, Beskydské predhorie i Slovakia, Beskid Sądecki, Pogórze Bukowskie og Bieszczady nær elvane Wisłoka, Wisłok og Osława i Polen. Fjellet har to fråskilde fjelltoppar, ein på 1002 moh. (Busov) og ein på 997 moh. (Lackowa). Dei låge Beskidane skil Dei austlege frå Dei vestlege Karpatane.

Dei låge Beskidane
fjell
Bartnia Góra i Dei låge Beskidane.
Land  Polen,  Slovakia
Fjellkjede Dei ytre austlegeKarpatane
Høgd Busov i Slovakia, 1 002 moh.
Kart
Dei låge Beskidane
49°23′17″N 21°09′39″E / 49.388055555556°N 21.160833333333°E / 49.388055555556; 21.160833333333
Wikimedia Commons: Central Beskids

Det opphavlege plante- og dyrelivet er bevart sidan området ligg så pass isolert. Fjellkjeda er dekt av bøkeskog og er i dag verna som ein del av Magurski nasjonalpark og Jaśliski Park Krajobrazowy. Av dyr som lever her finn ein svartstork, rådyr og ulv.

Inndeling endre

 
Dei låge Beskidane = b1+b2+b3+b4; del av Dei ytre austlege Karpatane

Det finst fleire forskjellige måtar å dele inn Beskidane på, og det finst fleire forskjellige definisjonar:

  • Busov (Slovakia)
  • Ondavská vrchovina (Slovakia)
  • Laborecká vrchovina Slovakia),
  • Beskydské predhorie (Slovakia)
  • Góry Grybowskie - nær elvane Kamienica og Biała (Polen)
  • Góry Hańczowskie - nær elvane Biała, Ropa og Zdynia (Polen)
  • Beskid Gorlicki - nær elva Biała og landsbyane Radocyna, Bartne, Wołowiec
  • Pasmo Magurskie - fjellkjedene Magura Wątkowska og Małastowskie
  • Beskid Dukielski - mellom elvane Wisłoka og Tabor (Polen)
  • Gniazdo Jawornika - mellom elvane Jasiołki i Wisłoka (Polen)
  • Pasmo Bukowicy og Kamienifjellet - mellom elvane Wisłok og Osławica
  • Pasmo graniczne - nær elva Bełcza, (Polen)
  • Wzgórza Rymanowskie - nær elva Tabor (Polen)

Historie endre

Beskid Niski i Polen endre

Regionen vart mykje kjempa om mellom Polen, Kievriket og Ungarn frå minst 800-talet. Fram til 1947 var 45 % av folkesetnaden i fjella lemkarar og dolinianarar, 45 % polske høglendarar og 10% jødar. Drapet av den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at lemkarane vart flytta frå området, den såkalla Operasjon Wisła.

Nízke Beskydy i Slovakia endre

Dagens Nízke Beskydy har vore busett sidan steinalderen. Dei slaviske forfedrane til slovakane flytta gradvis til området Humenné og Bardejov under den store folkevandringa som starta på 400-talet. Ein intensiv og organisert busetjing av området starta på midten av 1200-talet etter mongolane hadde plyndra området. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1240-talet då munkar frå Bardejov klaga til kong Béla IV om brot på bygrensene av Prešov.

Landsbyar endre

Viktig landsbyar i regionen er:

Etniske grupper endre

Kjelder endre

  • Prof. Jerzy Kondracki. Geografia fizyczna Polski Warszawa : Państ. Wydaw. Naukowe , 1988, ISBN 83-01-02323-6.
  • Prof. Jadwiga Warszyńska. Karpaty Polskie : przyroda, człowiek i jego działalność ; Uniwersytet Jagielloński. Kraków , 1995 ISBN 83-233-0852-7.
  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.