Det hebraiske alfabetet

א ב ג ד ה ו ז ח ט י כ ל מ נ ס ע פ צ ק ר ש ת

ר, eller résj, er den tjuande bokstaven i det hebraiske alfabetet. Lydverdien til résj er i utgangspunktet stemd alveolar vibrant/flapp (sefardisk og delvis askenasisk uttale) eller stemd uvular approksimant (moderne israelsk hebraisk). Résj blir normalt transkribert som «r». Résj har talverdien 200.