ד
Det hebraiske alfabetet | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ד, eller dálet (òg kalla dáled), er den fjerde bokstaven i det hebraiske alfabetet. Lydverdien til dálet er i utgangspunktet stemd dental lukkelyd når han har dagésj, og bokstaven blir da gjerne transkribert som «dd» eller «d». Ein dálet utan dagésj kan uttalast anten som «d» (vanleg blant dei fleste europeiske sefardím, alle askenasím og i moderne israelsk hebraisk) eller som ein stemd dental frikativ (blant mizrahím og enkelte sefardím) . Dálet har talverdien fire.