(If Loving You Is Wrong) I Don't Want to Be Right

(If Loving You Is Wrong) I Don't Want to Be Right
av Barbara Mandrell
frå albumet Moods
B-side

«I Feel the Hurt Coming On»

Utgjeve 17. februar 1979
Sjanger country
Lengd 3:05
Selskap ABC
Produsent Tom Collins
Barbara Mandrell-kronologi 
«Sleeping Single in a Double Bed»
(1978)
(If Loving You Is Wrong) I Don't Want to Be Right «Fooled by a Feeling»
(1979)


«(If Loving You Is Wrong) I Don't Want to Be Right» er ein song skriven av Stax Records-låtskrivarane Homer Banks, Carl Hampton og Raymond Jackson og først gjeven ut av Bobby «Blue» Bland. Han har blitt sungen av mange andre artistar, mellom andre Luther Ingram, som toppa R&B-lista i fire veker med sin versjon og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista i 1972.[1] Billboard rangerte songen på 16. plassen på årslista for 1972.[2]

I 1972/73 spelte The Faces inn songen under innspelinga av Ooh La La, det siste studioalbumet deira. I 1974 gav Millie Jackson ut sin versjon og vart nominert til to Grammyprisar,[3][4] og i 1978 toppa Barbara Mandrell sin versjon den amerikanske countrylista og nådde 31. plassen på Billboard Hot 100. Rod Stewart spelte inn songen for Foot Loose & Fancy Free, det åttande albumet hans. Han gav songen ut på singel og denne nådde 23. plassen på den britiske singellista i 1980.

Songen

endre

Songen handlar om utruskap fortalt frå anten elskarinna eller den bedragande mannen, avhengig av om det er ein mann eller dame som syng songen. Uansett uttrykkjer begge ønsket om å fortsette forholdet, men innser samstundes at forholdet er gale.

Lister

endre
Lister (1972) Plassering
US Billboard Hot 100 3
US Billboard Hot Soul Singles 1

Kjende versjonar

endre

Sjølv om han vart først spelt inn av The Emotions og Veda Brown har desse innspelingane aldri blitt gjeve ut. Andre songarar som har spelt inn songen er Isaac Hayes, Millie Jackson, Rod Stewart, Percy Sledge, Bobby «Blue» Bland, David Ruffin, LeAnn Rimes Renée Geyer, Ramsey Lewis, reggaesongaren Alton Ellis, Tom Jones, Cassandra Wilson, Nathan Cavaleri og Rania Zeriri.

Kjelder

endre
  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 274. 
  2. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1972
  3. «Millie Jackson». MTV Artists. Henta 17. august 2016. 
  4. Patrick Mondout. «Super 70s.com - Grammy Awards for 1974». Henta 17. august 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre