Ooh La La av Faces

Ooh La La
Studioalbum av Faces
Utgjeve Mars 1973
Innspelt September 1972 – januar 1973
Studio Olympic Studios i London
Sjanger Bluesrock, countryrock, hardrock
Lengd 30:22
Selskap Warner Bros.
Produsent Glyn Johns
Faces-kronologi
A Nod Is as Good as a Wink...To a Blind Horse
(1971)
Ooh La La Coast to Coast: Overture and Beginners
(1974)


Ooh La La er det fjerde og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Faces, gjeve ut i mars 1973. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia i slutten av april 1973.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg link
Robert Christgau(B) link

Den 25. august 2015 kom albumet ut på ny med nymastra lyd og bonusspor.

BakgrunnEndra

Mot slutten av 1972 hadde Rod Stewart sine soloprosjekt oppnådd stor suksess og avstanden mellom songaren og dei andre medlemmane i bandet auka. Dei vart stadig meir frustrerte over at media i aukande grad såg på dei som bandet til Stewart. Stewart sjølv var visstnok distrahert nok av den nye stjernestatusen sin at han missa dei to første vekene av innspelinga av det siste Faces-albumet. (Five Guys Walk into a Bar...-omslaget, s. 30). Produksjonen av albumet vart vidare hindra av at Stewart var lite engasjert i prosjektet, og Stewart var ikkje med i det heile på tre av songane på albumet. Som ei følgje av denne situasjonen vart Ooh La La i følgje Ian McLagan, «Ronnie [Lane] sitt album», og Lane sine bidrag sette tonen for den rolege og meir reflekterande andresida av albumet.

Trass i den vanskelege innspelinga, heldt produsenten Glyn Johns gruppa saman. Då innspelinga var ferdig, indikerte teksten på plateomslaget at dei skulle arbeide med Johns igjen i framtida. Det stod: «Produsert av Glyn Johns (snakkast om eitt år)».

UtgjevingEndra

Kort tid etter Ooh La La kom ut i mars 1973, omtalte Stewart albumet som eit «ufyseleg, dårleg album», noko han gjentok i eit seinare intervju (Five Guys, s. 32). Albumet nådde likevel toppen av den britiske albumlista i april, medan resten av gruppa var sjokkert over merknadane til Stewart. Ronnie Lane var særleg misnøgd med kritikken til vokalisten. Han var ikkje lenger nøgd med å bli sett til sides i gruppa han og Kenney Jones hadde starta i 1965 og slutta i Faces tidleg i juni. Rolla hans som bassist vart ei kort stund etter erstatta av den tidlegare Free-bassisten Tetsu Yamauchi.

Faces spelte inn to singlar til, og sjølv om dei turnerte mykje dei neste 2,5 åra, gjekk dei aldri i studio att for å spele inn eit heilt album. Gruppa vart til slutt oppløyst i november 1975, då Stewart verka å ha mista heilt interessa i dei, medan gitaristen Ronnie Wood fekk tilbod om å erstatte Mick Taylor i The Rolling Stones.

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalistLengd
1.«Silicone Grown»Rod Stewart, Ronnie WoodRod Stewart3:05
2.«Cindy Incidentally»Ian McLagan, Stewart, WoodRod Stewart2:37
3.«Flags and Banners»Ronnie Lane, StewartRonnie Lane2:00
4.«My Fault»McLagan, Stewart, WoodRod Stewart, Ronnie Wood3:05
5.«Borstal Boys»McLagan, Stewart, WoodRod Stewart2:52
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalistLengd
6.«Fly in the Ointment»Kenney Jones, Lane, McLagan, Woodinstrumental3:49
7.«If I'm on the Late Side»Lane, StewartRod Stewart2:36
8.«Glad and Sorry»LaneRonnie Lane, Ronnie Wood, Ian McLagan3:04
9.«Just Another Honky»LaneRod Stewart3:32
10.«Ooh La La»Lane, WoodRonnie Wood3:30
Bonusspor på CD-utgåva frå 2015
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Cindy Incidentally» (BBC Session)McLagan, Stewart, Wood 
12.«Borstal Boys» (øving)McLagan, Stewart, Wood 
13.«Silicone Grown»Stewart, Wood 
14.«Glad and Sorry» (øving)Lane 
15.«Jealous Guy» (Live at Reading Festival, Reading, UK 8/25/73 med Tetsu Yamauchi på bass)John Lennon 

MedverkandeEndra

  • Ronnie Lane – bass, rytme- og akustisk gitar, perkusjon, tamburin & solovokal (spor 3 & 8)
  • Ronnie Wood – elektrisk-, slide-, akustisk og rytmegitar, elektrisk bouzouki, solovokal (spor 4, 8 & 10)
  • Ian McLagan – piano, orgel, harmonium, korvokal & solovokal (spor 8)
  • Kenney Jones – trommer & perkusjon
  • Rod Stewart – solovokal (spor 1,2,4,5,7 & 9), banjo & elektrisk gitar (spor 3) - ikkje med på spor 6, 8 & 10
  • Neemoi «Speedy» Aquaye – congatrommer, shakers & perkusjon (spor 6)
Teknisk

KjelderEndra