1+9+8+2
1982 Studioalbum av Status Quo | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. april 1982 | |
Innspelt | Mountain Studios, Montreux, Sveits | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:01 | |
Selskap | Vertigo | |
Produsent | Status Quo | |
Status Quo-kronologi | ||
---|---|---|
Never Too Late (1981) |
1982 | Live at the N.E.C. (1982)
|
Singlar frå 1982 | ||
|
1+9+8+2 (offisiell tittel[3], i andre kjelder 1982) er det 15. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 16. april 1982.[4] Det var det første albumet deira med den nye trommeslagaren Pete Kircher, som nyleg hadde erstatta John Coghlan. Det var òg det første der klaverspelaren Andy Bown vart oppført som fullt medlem av bandet. På dei tidlegare utgjevingane deira var han berre oppført som gjestemusikar, sjølv om han hadde vore sterkt delaktig i bandet i fleire år.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Star Pulse | [2] |
Albumet kom ut kort tid før dei spelte ein konsert i National Exhibition Centre i Birmingham, føre prinsen av Wales, og merksemda som dette førte med seg hjelpte albumet til topps på albumlista i Storbritannia. Dette vart dermed den fjerde og siste listetoppen deira. Likevel fekk albumet lunken mottaking blant fansen. «Dear John» var den første singelen deira som ikkje var skriven av nokon i bandet og han nådde tiandeplassen på singellista i Storbritannia, medan «She Don't Fool Me» stoppa på 36. plassen.
1982 var 20-årsjubileet til første gongen bandmedlemmane Francis Rossi og Alan Lancaster spelte med kvarandre og summen av tala 1+9+8+2 er 20 (synt som romartala 'XX' under albumtittelen).
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «She Don't Fool Me» | Rick Parfitt, Andy Bown | 4:36 |
2. | «Young Pretender» | Francis Rossi, Bernie Frost | 3:34 |
3. | «Get Out and Walk» | Parfitt, Bown | 3:13 |
4. | «Jealousy» | Rossi, Frost | 2:55 |
5. | «I Love Rock and Roll» | Alan Lancaster | 3:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Resurrection» | Bown, Parfitt | 3:49 |
7. | «Dear John» | John Gustafson, Jackie Macauley | 3:14 |
8. | «Doesn't Matter» | Rossi, Frost | 3:41 |
9. | «I Want the World to Know» | Lancaster, Keith Lamb | 3:23 |
10. | «I Should Have Known» | Rossi, Frost | 3:31 |
11. | «Big Man» | Lancaster, Mick Green | 3:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «Calling the Shots» (B-side til «Jealousy», utgjeve som singel i somme europeiske land) | Parfitt, Bown | 4:53 |
13. | «Hold You Back» (Konsertopptak frå N.E.C.) | Rossi, Parfitt, Bob Young | 4:40 |
14. | «Over the Edge» (Konsertopptak frå N.E.C.) | Lancaster, Lamb | 4:20 |
- Dei to konsertopptaka kom òg ut på albumet Live at the N.E.C., som kom ut seinare same året.
Medverkande
endre- Francis Rossi – sologitar, vokal
- Rick Parfitt – rytmegitar, vokal
- Alan Lancaster – bass, vokal
- Andy Bown – keyboard, korvokal
- Pete Kircher – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Bernie Frost – korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1+9+8+2» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «1+9+8+2 Overview». Allmusic. Henta 9. oktober 2018.
- ↑ «1+9+8+2 Overview». Star Pulse. Arkivert frå originalen den 6. juni 2011. Henta 9. oktober 2018.
- ↑ Status Quo website 1+9+8+2), arkivert frå originalen 27. desember 2016, henta 10. oktober 2018
- ↑ «none». NME (London, England: IPC Media). 10. april 1982. s. 38.