Opna hovudmenyen

Richard John Parfitt (12. oktober 194824. desember 2016) var ein engelsk musikar, mest kjend som songar, låtskrivar og rytmegitarist med rockebandet Status Quo.

Rick Parfitt
Rick-parfitt-2007-07-18-orebro.jpg
Konsert med Status Quo i Örebro i Sverige i juli 2007
Fødd12. oktober 1948(1948-10-12)
FødestadWoking i Surrey i England
Død24. desember 2016 (68 år)
DødsstadMarbella i Spania
FødenamnRichard John Parfitt
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–2016
Sjanger
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarStatus Quo, Band Aid
Verka somMusikar, låtskrivar
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen

Parfitt byrja karrieren sin tidleg i 1960-åra og spelte på pubar og ferieleirar. Han vart med i Status Quo i 1967 då dei var på utkikk etter ein ekstra songar. Han skreiv songar for bandet og vart verande bandmedlem i 49 år. Han var stundom gjesteartist for andre band, og spelte inn eit soloalbum som aldri kom ut i 1985. I 2016 tok Parfitt ein pause frå bandet då han vart sjuk, og døydde julaftan det året. Det einaste soloalbumet hans, Over and Out, kom ut posthumt i 2018.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Rick Parfitt