120 Days
120 Days er ei norsk musikkgruppe som starta opp i 2001 under namnet The Beautiful People. Medlemmene er alle saman oppvaksne i Kristiansund, men flytte til Oslo i 2002. I 2003 vart The Beautiful People både eitt av vinnarbanda i Zoom Urørt, og dei var blant finalistane i Årets Urørt på NRK P3. Dei gav ut to EP-ar for plateselskapet Public Demand i 2004 før dei signerte kontrakt med Smalltown Supersound. I 2005/2006 opptrådte bandet under namnet Sex Beat, av di det var fleire utanlandske band som kalla seg The Beautiful People. Frå og med sommaren 2006 vart gruppa heitande 120 Days.
120 Days | |||
Ein av medlemmene i 120 Days under ein konsert i Paris i 2007. | |||
Opphav | Kristiansund | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2001 - | ||
Sjanger | Elektronika, Pønk, Rock | ||
Plateselskap | Public Demand, Smalltown Supersound | ||
Medlemmer | Jonas Hestvik Dahl Kjetil Ovesen Arne Schrøder Kvalvik Ådne Meisfjord | ||
Prisar | Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen for årets nykommer, Rockprisen |
Debutalbumet 120 Days vart utgjeve 10. oktober 2006 i Noreg på Smalltown Supersound, seinare også i USA og Japan. Albumet vart svært godt motteke i Noreg, og vann Spellemannprisen 2006 både i klassa Rock og i klassa Årets nykomar. Bortsett frå ei singelutgjeving har ikkje 120 Days gjeve ut noko meir til no sidan 2006.
Diskografi
endre- Sedated Times (2004), EP
- The Beautiful People EP (2004), EP
- 120 Days (2006), Studioalbum
- Come Out, Come Down, Fade Out, Be Gone (2006), singel
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «120 Days» frå Wikipedia på bokmål, den 21. august 2011.
- Diskografien er henta frå 120 Days si nettside Arkivert 2009-05-03 ved Wayback Machine.