137 Meliboea
asteroide
137 Meliboea er ein stor og veldig mørk hovudbelteasteroide. Han er samansett av karbonhaldige materiale. Han er den største lekamen i asteroidefamilien Meliboea. Berre 791 Ani når ein liknande storleik. Asteroiden blei oppdaga av Johann Palisa den 21. april 1874, nummer to av hans mange asteroideoppdagingar. Han er namnsett etter ein av dei tre Meliboia i gresk mytologi.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Johann Palisa |
Oppdagingsdato | 21. april 1874 |
Baneskildring | |
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5) | |
Aphel | 569,016 mill. km (3,804 AE) |
Perihel | 364,057 mill. km (2,434 AE) |
Eksentrisitet | 0,220 |
Banehelling | 13,418° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 145,4 km |
Masse | 3,2×1018 kg |
? g/cm³ | |
0,0769 km/s | |
? d | |
Albedo | ? |