14/88
14/88 er eit uttrykk som vert bruka av nynazistar. 14 refererer til 14 Words, som er eit slagord skrive av nynazisten David Lane, og 88 er bokstav nr. 8 (H) i alfabetet to gonger, som er ei forkorting for Heil Hitler. Andre forkortingar er 18 (AH) for Adolf Hitler og 28 (BH) for Blood & Honour.