Adolf Hitler (fødd 20. april 1889 i Braunau am Inn, død 30. april 1945 i Berlin) var ein tysk diktator. Hitler var statsoverhovud i Tyskland frå 1934 til 1945, og var hovudmannen bak Holocaust og den andre verdskrigen.[1]

Adolf Hitler

Statsborgarskap Cisleithania, Deutschösterreich, Første østerrikske republikk, ingen verdi, Weimarrepublikken, Det tyske riket
Fødd 20. april 1889
Salzburger Vorstadt 15, Braunau am Inn
Død

30. april 1945 (56 år)
Førerbunkeren, Berlin

Yrke soldat, kunstmålar, politisk skribent, politikar, militær befalingshavende, skribent
Språk østerriksk tysk, tysk
Høgd 175 centimeter
Politisk parti Det tyske Arbeiderparti, NSDAP
Medlem av NSDAP
Religion ukjend verdi
Far Alois Hitler
Mor Klara Hitler
Ektefelle Eva Braun
Partnar Maria Reiter, Eva Braun, Geli Raubal
Adolf Hitler på Commons

Bakgrunn endre

Hitler var fødd i Braunau am Inn i Austerrike-Ungarn. Han var soldat under den fyrste verdenskrigen.[2]

Hitler var partileiar for partiet NSDAP frå 1921. Det fulle namnet på partiet var Nasjonalsosialistisk tysk arbeidarparti.[3] Rørsla til Hitler vart av dette kalla nasjonalsosialistar. Av dette igjen kjem ordet nazisme.

I 1933 tok han over som rikskanslar innan Weimar-republikken etter general Kurt von Schleicher. Frå 1934 fekk han tittel som Førar og Rikskanslar ("Führer und Reichskanzler") og uinnskrenka makt som statsoverhovud for det tredje riket ("Drittes Reich"). Ein tenkte seg at Hitler si styringstid skulle vera ei tredje stordomstid til Tyskland, som naturleg skulle kunna samanlikna seg med dei to tidlegare tyske keisarrika.

Hitler vart sett på som ein sterk og karismatisk leiar av di han leia Tyskland ut av problema etter den fyrste verdskrigen. Regimet han leia slo hardt ned på all opposisjon, alt frå kommunistar til konservative, jødar, kristne, sigøynarar, homofile, funksjonshemma mfl.

Hitler sitt mål var å utvida Tyskland sine grenser, og ta att tapte landområde. Dette førte til samanslåinga med Austerrike og invasjonen av Tsjekkoslovakia og Polen. Allereie i boka Mein Kampf ('Kampen min') frå 1924 la Hitler vekt på at tyskarane var eit herrefolk som trengde livsrom (Lebensraum). Livsrommet kunne gjerne gå på kostnad av andre folkeslag. Hitler førte ein politikk med vekt på sterk militær opprusting og etter kvart krigføring. Målet vart etter kvart at store delar av Europa skulle gå inn i eit stortysk rike.

I Andre verdskrigen kjempa Tyskland til slutt ein krig på frontar både i aust og vest. Etter kvart vart det klart at Tyskland ville verta den tapande part, men Hitler kravde at kampen skulle førast til siste slutt.

Etter at den sovjetiske hæren hadde omringa Berlin, skal Hitler ha teke sitt eige liv saman med kona Eva Braun.[4]

Kjelder endre

  1. «Adolf Hitler - Dictator, 1933–39 | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 21. oktober 2022 
  2. Editors, History com, «Adolf Hitler», HISTORY (på engelsk), henta 21. oktober 2022 
  3. Dypvik, Astrid Sverresdotter (25. november 2021). «Adolf Hitler». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «Adolf Hitler | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 21. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Adolf Hitler