1951-filmen Alice in Wonderland

Alice in Wonderland (norsk tittel: Alice i Eventyrland) er ein amerikansk animert eventyrfilm frå 1951, produsert av Walt Disney. Han er den 13. animerte Disney-langfilmen og hadde premiere i London 26. juli 1951 og i New York 28. juli same året. Originalutgåva av filmen har stemmene til Kathryn Beaumont som Alice, Sterling Holloway som Cheshire Cat, Verna Felton som Queen of Hearts og Ed Wynn som Mad Hatter.

Alice in Wonderland
Norsk tittel: Alice i Eventyrland
Alice in Wonderland (1951) Logo Black.svg
OpphavslandUSA
RegiClyde Geronimi
Wilfred Jackson
Hamilton Luske
ProdusentWalt Disney
FilmselskapWalt Disney Pictures
Utgjevingsår1951
Lengd75 min.

Walt Disney prøvde i 1930-åra å lage ein animert langfilm om Alice, men lykkast då ikkje. Ideen vart oppliva att i 1940-åra, først tenkt som ein spelefilm kombinert med animasjon, før Disney i 1946 vedtok å berre gå for animasjon i filmen. Filmen vart sett på som ein fiasko då han først vart utgjeven, som førte Walt Disney til å vise han på fjernsyn som ein av dei første episodane av TV-serien Disneyland. Han viste seg å gjere det godt på fjernsyn, særleg under den såkalla psykedelliske eraen (frå 1960-talet til tidleg 1970). Filmen vart etter kvart utgjeven på nytt på kino, som då viste seg å bli ein suksess. Filmen gjorde det etter kvart stadig betre gjennom sal av merkevarer og påfølgjande utgjevingar på heimevideo. Sjølv om filmen fekk dårleg kritikk etter den opphavlege utgjevinga, har han seinare vist seg å bli sett på som ein av dei største animerte klassikarane frå Disney.

Ein spelefilm basert på Alice in Wonderland, regissert av Tim Burton, vart utgjeven i 2010.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1951-filmen Alice in Wonderland


  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.