Eventyrfilm

filmsjanger

Eventyrfilm er ein filmsjanger som omfattar underhaldande spelefilmar med eventyrleg, det vil seia fantasifull og spennande, handling. Nemninga tilsvarar det engelske «adventure films».

Frå The Iron Mask frå 1929.
Scene frå The Thief of Bagdad frå 1924

På norsk kan «eventyrfilm» òg brukast om filmar med handling frå folkeeventyr, men dekker vanlegvis langt breiare enn det som på norsk blir forstått som eventyr.

Døme endre

Nemninga «eventyrfilm» kan brukast om ei rekke filmtypar, til dømes røyndomsfjerne actionfilmar og spenningsfilmar, science fiction- og fantasyfilmer, spektakulære skrekkfilmar, teikneseriefilmatiseringar og andre fantastiske filmdrama der talrike, overdrive spennande og merkverdige hendingar står i sentrum. Undergrupper kan vera handlingsmetta sjangerfilmar frå historiske periodar eller eksotiske miljø, slik som piratfilmar, riddarfilmar eller filmar frå til dømes gresk eller romersk oldtid.

Eventyrdrama kan føregå i eit historisk, eksotisk eller fantasisk miljø, og kan ha innslag av magi eller overnaturlege hendingar og vesen. Dei har gjerne òg karikerte skurkar og ein tydeleg helt, i eldre eventyrfilmar særleg ein maskert eller fektande eventyrar som på engelsk ofte blir kalla swashbuckler.

Påkosta eventyrfilmar med storslåtte tablå, visuelle effektar og meir eller mindre spennande handling har sidan 1930-talet vore særleg karakteristisk for den amerikanske filmproduksjonen i Hollywood.

Døme på eventyrfilmar endre

Eventyr og eventyrfigurar i filmar endre

Nokre kjende eventyrfilmskaparar endre

Kjelder endre