2002 AA29
Asteroide 2002 AA29 (au skrive 2002 AA29) er ein nærjordsasteroide oppdaga i januar 2002 av LINEAR. Asteroiden fylgjer ein «hesteskoforma» bane som gjer at han kjem nær jorda kvart 95. år som han fylgjer jordbanen rundt sola og vil, i nesten 600 år, sjå ut til å gå i bane rundt planeten. Han måler 60 meter på tvers.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | LINEAR |
Oppdagingsdato | 9. januar 2002 |
Baneskildring | |
Epoke 22. november 2002 (JD 2452600,5) | |
Aphel | 151,442 mill. km (1,012 AE) |
Perihel | 147,735 mill. km (0,988 AE) |
Eksentrisitet | 0,012 |
Banehelling | 10,739° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | ~0,06 km |
Masse | ~2,3·108 kg |
2 ? g/cm³ | |
~0,000 032 km/s | |
? d | |
Albedo | 0,1 ? |
8. januar 2003 var asteroiden omtrent 5,9 mill. km unna jorda, det næraste på dei neste hundre åra.
Richard Gott og Edward Belbruno frå Princetonuniversitet har spekulert på om 2002 AA29 kan ha blitt danna saman med jorda og Theia. Dette er den teoretiske planeten som i fylgje den foreslåtte kjempenedslagsteorien kolliderte med jorda tidleg i historia til solsystemet.
Banen til asteroiden gjer det relativt lett å bringe tilbake steinprøver til jorda for analyse.
Bakgrunnsstoff
endre- MPEC 2003-A17 (engelsk)
- Den koorbitale asteroiden til jorda: 2002 AA29 (engelsk)