2S19 «Msta-S» (russisk Мста) er ein sjølvgåande 152,4 mm haubits utforma i Sovjetunionen. Han kom i teneste i 1989 som etterfølgjaren til 2S3 Akatsija. Kjøretøyet er basert på T-80-chassis, men er drive av T-72-dieselmotor.

Msta-S

Namngjevinga er etter elva Msta.

Utvikling endre

Msta er ein moderne haubits designa for distribusjon anten som ein upansra haubits som må flyttast med traktor eller lastebil, eller monterast i pansra kjøretøy som sjølvdrive artilleri. Dagens produksjon av taua modell er kalla Msta-B, medan sjølvgåande modell er Msta-S (òg kjend under GRAU-indeks 2S19).

Utvikling av 2S19 starta i 1980 under namnet «Ferma». Prototypen vart kjend som Ob'jekt 316.

Operativ bruk endre

 
Kart frå 2015 over land som nyttar våpenet, farga blå. Land som ikkje nyttar våpenet meir er raudfarga.

Msta-S-haubitsar vart brukte av den russiske hæren til å levera artillerield mot tsjetsjenske separatistar i løpet av den andre Tsjetsjenia-krigen.[1]

Msta-S har òg vorte brukt i krigen i Donbass av den ukrainske hæren og dessutan pro-russiske separatistar som overtok minst eitt slikt våpen under konflikten.[2]

Variantar endre

  • 152 mm haubits 2A65 - ein slept versjon av den same haubits.
  • 1K17 Szhatie - ei «laserstridsvogn» væpna med eit batteri av laserar meint å deaktivere optoelektroniske system; brukar Msta-S understell og tårn.
  • 2S19M1 (2000) - forbetra versjon med automatisk leggesystem og GLONASS.
  • 2S19M2 «Msta-SM» (2013) - Forbetra versjon utstyrt med eit nytt automatisk eldkontrollsystem som aukar stottakta. Digitale elektroniske kart er no (2012) tilgjengelege.
  • 2S19M1-155 (2006) - 155mm eksport-versjonen av 2S19M1, utstyrt med eit L/52 røyr.
  • 2S27 «Msta-K» - hjulvariant (K = kolyosnij), basert på eit 8x8 lastebilchassis. Det var fleire ulike prototypar, inkludert ein som er basert på ein KrAZ-ChR-3130 og to basert på Ural-5323 (med og utan tårn).
  • 2S30 «Iste» - ein forbetra versjon, prototyp.

Kjelder endre

  1. Pashin, Alexander. «Russian Army Operations and Weaponry During Second Military Campaign in Chechnya». Moscow Defense Review. Arkivert frå originalen January 29, 2009. Henta 8 March 2014. 
  2. Ferguson, Jonathan; Jenzen-Jones, N.R. (2014). «Raising Red Flags: An Examination of Arms & Munitions in the Ongoing Conflict in Ukraine. (Research Report No. 3)» (PDF). ARES. Arkivert frå originalen (PDF) 1 December 2014. Henta 4. februar 2015.