Sjølvdrive artilleri

Sjølvdrive artilleri (også kalla mobilt artilleri og panserartilleri) er artilleri utstyrt med eit eige framdriftssystem. Omgrepet omfattar også sjølvdriven kanon (eller haubits og rakettartilleri). Sjølvdrivne artilleri er sterkt mobile og flyttbare køyretøy, ofte med beltedrift som gjer terrengkøyring mogleg, og utstyrt anten med en stor haubits, feltkanon, granatkastar, eller ein form for rakett- eller missilskytar. Dei blir vanlegvis brukt for langavstands indirekte støttebombardering på slagmarka.

Britiske AS-90 går til åtak i Basra i Irak i 2006.
Eun Panzerhaubitze 2000 som tilhøyrer Bundeswehr kjem til Afghanistan
Ein 2S19 Msta-M2 som tilhøyrer Den russiske hæren

Tidlegare har sjølvdrive artilleri inkludert direkteskytande køyretøy, som stormkanonar og panserjagarar. Desse har vore tungt væpna køyretøy, med førstnemnde brukt for tett eldstøtte og sistnemnde spesialisert for å gå til åtak på stridsvogner.

Moderne sjølvdrivne artilleristykke kan på overflaten likna stridsvogner, men er generelt lettare pansra og ikkje meint for direkte kamp. Dei verner derimot mannskapet på innsida mot splintar, skrap og lett eld, og er derfor vanlegvis også rekna som eit pansra kampkøyretøy. Mange er utstyrt med maskingevær som forsvar mot fiendtleg infanteri.

Hovudfordelen med sjølvdrive artilleri kontra taua artilleri er at det kan mobiliserast og utplasserast mykje raskare. Før eit taua artilleristykke kan nyttast må det stoppast, takast av tauekøyretøyet og setjast opp. For å endra skytestilling må taua artilleri så festast på eit køyretøy og bli taua til ein ny posisjon. Sjølvdrive artilleri kan derimot stoppa på ein vald stad og skyta så godt som umiddelbart, før det så kan flyttast til ein ny posisjon. Denne skyt-og-flykt-evnen er særs nyttig i mobil konflikt, og særleg på offensiv.[1]

Taua artilleri er likevel raskare å byggja og vedlikehalda. Det er også lettare, og kan tauast til stader sjølvdrive artilleri ikkje kan nå. Sidan Vietnamkrigen har kraftige transporthelikopter blitt brukt til å utplassera artilleri raskt. Dermed er også taua artilleri framleis i arsenalet til mange moderne hærar[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Bailey, Johnathan B. A., Field Artillery and Firepower, Naval Institute Press, 2004, s. 6

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Hedberg, Jonas (1987), Kungliga artilleriet: Det ridande artilleriet (på svensk), ISBN 91-85266-39-6