Tredimensjonal film

(Omdirigert frå 3D-film)

Tredimensjonal film eller 3D-film er film der bileta skal skape ein tredimensjonal djupneillusjon ved hjelp av visuelle presentasjonssystem som gjev ulike synsinntrykk til høgre og venstre auge hos observatøren og dermed etterliknar opplevinga av å sjå eit verkeleg rom.

Teknikken inneber filming av to bilete på same tid, med to kamera plassert ved sida av kvarandre, anten retta mot kvarandre medan dei filmane på i 90 grader via speglar, eller parallelt tett nok til å gjenskape avstanden mellom dei to augo våre. Det kan òg nyttast shiftoptikk for å forskyve begge eller det eine biletet, med perfekt synkronisering mellom kamera, og med identiske tekniske innstillingar på begge. Når ein skal sjå ein 3D-film, må kvart auge sjå kvar sin film, og då vil hjernen tolke dei to bileta til éit enkelt tredimensjonalt bilete, slik vi òg tolkar det ordinære synsfeltet vårt. Ein kan òg skape 3D-animasjonsfilm ved å setje opp to «virtuelle» kamera, som igjen «filmar» kvar sin film. Avspelingsteknologien blir den same.

Moderne datateknologi gjer det òg mogleg å produsere 3D-filmar utan doble kamera. Dette må då gjerast ved å mappe tredimensjonale objekt med bilete. Å skape 3D-film av 2D-film kan ikkje gjerast utan vidare, då ein i utgangspunktet manglar informasjon om den tredje dimensjonen.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre