Sjå òg fotografisk film

Film er det vanlegaste namnet på levande bilete, altså rørsler som er tekne opp på eit medium og blir vist på ein skjerm eller eit lerret. Ein lagar dei ved å filma ekte menneske og ting med kamera, og/eller ved bruk av ulike animasjonsteknikkar. Film er både ei kunstform, ei underhaldningsform og ein storindustri.

Film av ein galopperande hest laga som ein animasjon av ein fotoserie
Tidleg filmframvisar

Bileta ein ser i ein film er alle stillbilete, men dei blir viste så fort at auga våre ser rørsle. Det første mediet for å ta opp desse bileta var fotografisk film, og frå dette kjem namnet film. Mange filmar blir framleis teke opp på denne måten, men ein er òg gått over til å bruka analog video, lik den dei bruker til fjernsynsopptak, eller digitale opptak.

Når filminga er ferdig forbetrar ein gjerne filmen ved å klippa og lima saman opptak av ulike scenar og frå ulike kameravinklar, og ved å leggja til lyd, både tale, lydeffektar og musikk. Produktet kan visast på kino, fjernsyn eller datamaskinar, og lagrast på filmrullar, videoar, DVD-ar eller som datafiler.

Filmhistorie endre

Émile Reynaud fascinerte med sitt «optiske teater» rundt 1900.

Skuggespel er kanskje den første forløparen til film, i og med at dei viser ei handling ved hjelp av lys, eit lerret og ting som ikkje er det dei ser ut som. Meir kompliserte framvisarar, som laterna magica og zoetropet, projiserte glasbilete ved hjelp av ein oljelampe. Slike framvisarar vart brukte til å visa fleire bilete som var stort sett like, men så mykje endra at det verka som om dei rørte seg. Dette visuelle «lureriet» har vorte grunnlaget også for moderne film.

Fotografisk film gjorde det mogleg både å ta opp bilete frå det verkelege livet, og å visa dei til større forsamlingar. Tidlegare måtte ein gjerne sjå inn gjennom eit lite hol i den «magiske lanterna» for å få sjå dei levande bileta.

Lyd endre

Scene frå stumfilmen Robin Hood frå 1922.

Dei første filmane hadde ikkje lyd, og vert kalla stumfilmar. Ein hadde først ofte ein kommentator som fortalde tilskodarane kva som skjedde og las dialogen mellom skodespelarane. Seinare kom ein på å skriva utsegnene ned og visa dei i sjølve filmen. Det var òg vanleg å få ein musikar til å akkompagnera filmen med musikk som passa til stemninga, helst på orgel eller piano. Seinare kunne ein laga lydspor som gjekk samtidig som filmen. Nå kunne skodespelarane snakka, og ein kunne ta opp og spela filmmusikk, som snart blei ein ny musikksjanger.

Farge endre

Overgangen frå stumfilm til lydfilm var revolusjonerande innan filmindustrien og skjedde svært raskt. Å gå over frå svart og kvitt til farge, derimot, tok lengre tid. Teknikken måtte utbetrast før dei fleste gjekk over til å laga fargefilmar. I dag blir det svært sjeldan laga film i berre svart og kvitt, men nokre regissørar vel det av og til av kunstneriske grunnar.

Kinoar endre

Filmar vart opphavleg viste på tivoliframsyningar, men vart snart så populære at ein laga eigne teater til å visa dei fram permanent i. Det første filmteateret opna i Pittsburgh i Pennsylvania i 1905, og i løpet av få år hadde ein fått tusenvis av slike kinoteater (i byrjinga kalla cinematografar).

Filmtypar endre

Filmar kan delast inn i fleire undergrupper. Eit viktig skilje går mellom oppdikta filmar (spelefilmar) som er meir eller mindre utan tilknytnad til verkelege hendingar, og dokumentarfilmar som skal referere seg til verkelege hendingar og tilhøve.

Dei oppdikta filmane blir delte inn i sjangrar som er inspirerte av litteratur- og teaterkunst. Men filmen har utvikla sine eigne verkemiddel og i nokre tilfelle eigne sjangrar. Det vert ofte drege eit eit etter måten skarpt skilje mellom reine underhaldningsfilmar og filmar som har kunstnerisk verde. Vanlege sjangrar er skrekkfilm, spenningsfilm, filmkomedie, dramafilm og musikal. Ein kan også dela inn dei oppdikta filmane etter produksjonsmetode, til dømes dogmefilm for filmar med skodespelarar, eller animasjonsfilm for filmar som er mest utan skodespelarar, men basert på animasjon, slik som teiknefilmar, dokkefilmar, dataanimasjonsfilmar. Ei vanleg inndeling går òg på lengda av speletida for filmen, kortfilm i motsetnad til langfilm, eller andre særtrekk ved filmen, til dømes om filmen er i svart-kvitt i mosetnad til i fargar.

Somme typar masseproduserte underhaldingsfilmar som er mykje like i kva som vert skildra og korleis skildringa er presentert, vert ofte omtala som tilhøyrande særskilde sjangrar, som til dømes «spaghetti-western», «Bollywood-filmar» og «Hollywood-filmar».

Filmindustri endre

Film er blitt den største industrien når det gjeld underhaldning. Levande bilete har fengja folk frå første stund, og sidan hovudvekta deira ligg på det visuelle, kan filmar lett visast over heile verda med berre lita omsetjing. Nokre filmskodespelarar blei vidkjende stjerner som kunne tena utrulege summar på å spela inn ein film.

Å laga film kan gje stor gevinst, men det kan òg føra til store kostnader. Derfor blir dei fleste storfilmane laga av nokre få filmstudio som er konsentrerte i eitt særskild område, som det amerikanske Hollywood eller det indiske Bollywood. Desse bruker mykje pengar på å få stjerner til å spela i filmane sine, på flotte og dyre ekstraeffektar, og på reklame som skal få mange til å sjå filmane. I tillegg finst det mange uavhengige filmskaparar som lagar «smalare» film, på eit mindre budsjett og for eit mindre publikum.

Ein kinobillett kostar for tida dei fleste stader rundt 75 kr (±20 kr). Dei filmane som blir mest sedde, sel millionar av billettar. Den mest populære filmen nokonsinne i Noreg, er Harry Potter og eldbegeret, som trekte 200 235 publikummarar i løpet av den første helga han gjekk på kino.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  • IMDB, filmdatabasen på Internett